Barn i avdeling Skjenefloren. Til høgre; pedagogisk leiar Renate Hellesund RongBarnehagen i Breivik, som gjorde det best i tilfredsheit av 25 barnehagar i Øygarden på foreldreundersøkinga i januar, legg stor vekt på å utvikla næringsrike matvanar for barna.
- Barna har ikkje med niste i barnehagen. Vi er ein fullkostbarnehage som serverer frukost, lunsj og frukt på slutten av dagen. Vi lagar heimelaga varmmat to dagar i veka der barna hjelper til, seier dagleg leiar Marianne Sæle.
Besøk
På tysdag besøkte ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen barnehagen og hadde med kake for å ha ei lita markering av at barnehagen gjorde det godt i foreldreundersøkinga. Barnehagen, som vart etablert i 2019, har fire avdelingar med 55 barn (80 ekvivalentar).
- Dette er ei viktig undersøking som er hundre prosent transparent og som kan vera til motivasjon for alle barnehagane, seier ordføraren.
Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen og dagleg leiar Marianne Sæle.Når vi snakkar med barna på avdeling Skjenefloren, kjem det fram at dei likar seg både inne og ute.
- Eg likar meg godt i dokkerommet. Der er det kjøken, og no har vi fått nytt bord, seier eitt av barna.
- Eg likar å vera ute og leika i Eventyrskogen. Kråkedissa er gøy, seier ein annan.
Vasstilvenning
Barna i Norlandia Svanevågen barnehage er mykje ute og legg stor vekt på friluftsliv. Mellom anna vert det lagt vekt på vasstilvenning. Førskulebarna nyttar våtdraktar både vår og haust og boltrar seg i det våte elementet. Når temperaturen i sjøen når 10 grader om våren, får barna sleppa uti.
- Det er kaldt i vatnet, seier Olivia.
Både dei vaksne og barna ser fram til å ta i bruk det nye hønsehuset som er plassert på uteområdet i barnehagen.
- Huset er bygd av Trigger. Det er også planar om å arrangera dugnad der foreldra bidreg med å byggja luftegard til hønene og målar hønsehuset. Vi samarbeider også med nabobonden Hans Arne Breivik som sit med mykje kompetanse, seier Marianne Sæle.
Barna likar seg både inne og uteDet er viktig for Norlandia Svangevågen gårds- og friluftsbarnehage å delta i foreldreundersøkinga.
- Vi jobbar med undersøkinga i etterkant og ser resultata i samanheng med medarbeidarundersøkinga. Vi nyttar også observasjonsverktøyet Class som ser på samspelet mellom barna og dei vaksne og barna seg imellom. Foreldra ønskjer at barna har det godt i barnehagen, og det er viktig at dei gjev oss tilbakemelding. Eg trur foreldra opplever at det er god stemning i barnehagen, seier den daglege leiaren.
I barnehagen vert det arbeidd medvite med arbeidsmiljøet. Styraren opplever at arbeidsmiljøet er godt og at dei tilsette er stolte av arbeidsplassen sin.
- For å oppnå målet om å gi barna eit likeverdig tilbod i ein høgkvalitetsbarnehage er personalet det viktigaste vi har. Det er viktig at personalet får ta eigarskap til barnehagen. Dersom dei opplever at dette er barnehagen vår, aukar engasjementet og motivasjonen for å nå måla, seier Marianne Sæle.
Også for kommunen administrativt og politisk har ei foreldreundersøking nytte.
- Eg har gått nøye gjennom undersøkinga. Resultata viser eit ganske stort spenn, seier leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke