Sofie Margrethe Brekke Trellevik og Sondre Mathias Trellevik Syljeset var mellom dei 20 som overnatta i Smivågen natt til sundag.Natt i naturen er ein del av Friluftslivets år, og friluftslivets veke 2025 vert arrangert i heile landet frå 6. til 14. september. Mange tusen barn, unge og vaksne i heile landet overnatta frå 6. til 7. september. Og i Smivågen var det eit perfekt ver for overnatting. Sjølv om myggen også ville vera med på moroa, var det vindstille, klar himmel og fin temperatur.
Speidarane på Natt i naturen kom frå Tofterøy KFUK KFUM. Sofie Margrethe og Sondre Mathias møter opp i grendahuset på Klokkarvik kvar måndag klokka 17.30 for speidarsamling. Dette speidarlaget har 55 medlemmer. Dei minste har samling kvar onsdag.
- Vi har for det meste aktivitetar ute. Sjølv om namnet er Tofterøy KFUK KFUM, er det mange frå Klokkarvik som er med i speidaren. Det er supergøy å vera med i speidaren, seier dei to som begge går på 7. trinn og er søskenbarn.
Frå venstre Svein Inge Trellevik, Anita Garlid Johannessen og Tom Georg IndrevikMykje mygg
Sondre Mathias skal bu i telt saman med tre andre gutar.
- Det er mykje mygg her i kveld. Det har vore litt travelt for å få alt på plass i kveld. Det vil nok bli ganske seint, kanskje midnatt før vi sovnar, seier han.
I tillegg til speidaren, er han med i Sartor skyttarlag og driv med terrengsykling (MTB) på sykkelbanen ved Spildepollen skule.
Sofie Margrethe skal sova i hengjekøye.
- Eg håpar å sovna litt tidlegare enn midnatt. Eg likar meg ikkje så godt når det er mørkt, seier Sofie som også er med i E-sport.
Ordførar Tom Georg Indrevik helste til speidarane, leiarane og dei andre vaksne som var med på Natt i naturen. Sjølv har han lang fartstid som speidar og speidarleiar.
- Speiding er kjempegøy. Eg starta i speidaren då eg var seks år. Det som var mest gøy, var når alle leiarane hadde lagt seg og vi kunne gjera det vi ville, røpte ordføraren som for sin del skulle overnatta i hengjekøye.
Speidarane fekk fram latteren då dei framførte sketsjar.Lettmajones
Både speidarane og dei vaksne hadde underhaldning. Leirbålsongen I den mørke kveld høyrer med.
Leiarane Svein Inge Trellevik og Anne Marit Trellevik Syljeset framførte ei historie der Svein Inge var omsetjar av det Anne Marit framførte på engelsk. Det vart ei nokså fri omsetjing.
- We are very happy that the mayor is with us, sa Anne Marit.
- Vi er veldig glade for at vi har majones med oss, sa Svein Inge då han etter beste evne skulle omsetja bodskapen.
Då vart det enkelt for ordførar Tom Georg Indrevik å titulera varaordførar Anita Garlid Johannessen med «lettmajones».
Smivågen er ein perfekt plass for speiding og overnatting.Søskena Svein Inge Trellevik og Anne Marit Brekke Syljeset brukar mykje av fritida si til speidararbeid.
- Vi får mykje igjen for å vera med på dette. Det er flotte barn å vera saman med. Vi har eit godt samhald, seier dei.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke