Denne dagen vart både SFO-dagen og Foldnes skule som helsefremmande skule markert. Elevane fekk frukt og sveler laga av sunne ingrediensar.I nydeleg vårver var elevane i småtrinnet (1. til 4. klasse) med på markeringa og fekk frukt og sveler laga av sunne ingrediensar. Foldnes har vore ein pilotskule i prosjektet «Helsefremmande skule» sidan 2021. Ei ressursgruppe har utarbeidd ein tiltakspakke med kriterium som gjev status som helsefremmande skule.
Målet er å få mange andre skular i kommunen til også å verta helsefremmande skule.
- Vi ønskjer sjølvsagt at alle barneskulane i kommunen vert helsefremmande skule. Tiltakspakken er utvikla i Øygarden kommune, og er såleis noko vi som kommune kan vera stolte av! seier ernæringsrådgivar/koordinator frå friskliv og meistring Linn Jeanette Waagbø.
Frå venstre: rektor Ragnhild Knudsen Magerøy, ernæringsrådgivar/koordinator frå friskliv og meistring Linn Jeanette Waagbø, helsesjukepleiar Ida Hjorteset og fysioterapeut Jana Uhlarova. Street-art-kunstnaren Rodrigo Vitorio Lisboa Souz har måla fleire vegger på Foldnes skule.Snop gjev kortvarig effekt
I skulegarden møter vi to elevar som tykkjer vel om at det vert fokusert på smart mat. Marie Nikoline Lund Vesterås og Georg Bergmann Rugsveen har kvar dag med seg niste til skulen smurt av foreldra.
- Det er litt forskjellig pålegg på brødskivene. Det er gjerne skinke, agurk og egg i tillegg til at eg får med meg klementin, eple eller gulrot, seier Marie.
- Pappa smører nista, og då vert det ost og skinke. Nugatti får eg berre i helgene. I tillegg til nistepakken får eg med meg eple, gulrot og yoghurt. Han er litt streng på dette, men eg er samd med han at maten bør vera sunn, seier Georg.
Marie har fått med seg at det ikkje er lurt å eta for mykje snop.
- Eg synest det er flott det vi lærer om kosthald. Vi har lært at når vi et snop så får vi energi raskt, men så forsvinn energien etter kort tid og vi blir fort sliten. Et vi sunnare mat, vil kroppen ha energi over lengre tid, seier ho.
Marie veit at det er sunt og smart å eta fisk.
- Eg er litt kresen og likar ikkje fisk så godt. Men dersom eg får ein del andre ting saman med fisken, som til dømes grønsaker, går det bra seier ho.
Marie Nikoline Lund Vesterås og Georg Bergmann RugsveenMål om auka kompetanse
Formålet med helsefremmande skule er å fremja gode levevanar som verkar positivt på helse, trivsel, utvikling og læring hos elevane. Satsinga skal gje auka kompetanse hos elevar, føresette og tilsette ved skulen på samanhengen mellom fysisk aktivitet, smart mat og helse.
Prosjektet har fått midlar frå Helsedirektoratet. Dette er eit samarbeid mellom skule, skulehelsetenesta, fysioterapeutar, og friskliv og meistring i Øygarden kommune.
Etter pilotperioden «Helsefremmande skule» i 2024 gjekk prosjektet over til å implementera prosjektet i barneskular i Øygarden kommune. Delar av prosjektgruppa vil fungera vidare som ei ressursgruppe som gjev støtte til helsefremmande skular i kommunen. Ressursgruppa er samansett av helsesjukepleiar (Ida Hjorteset), fysioterapeut (Jana Uhlarova) og ernæringsrådgjevar/koordinator frå friskliv og meistring (Linn Jeanette Waagbø).
- Det er flott om elevane vidareformidlar kunnskap til foreldra som dermed får gode tips til å smøra ein smart matpakke. Det er viktig at elevane får gode vanar tidleg, seier Linn Jeanette Waagbø.
For å få status som helsefremmande skule vert det stilt ein del kriterium. Dette er:
- Helsefremmande arbeid er forankra i skulen.
- Alle elevar er fysisk aktive minst 60 minutt i løpet av skuledagen.
- Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen blir følgd.
- Skulen og skulehelsetenesta samarbeider om helsefremmande arbeid.
- Skulen har gode rutinar for samarbeid med, og medverknad frå, elevar og føresette.
Vi spør rektor Ragnhild Knudsen Magerøy om ho opplever dette som strenge kriterium.
- Nei, det vil eg ikkje seia. Elevane vert meir fokuserte på smart mat og kva aktivitet betyr for læring. Vi registrerer mange gode og smarte matpakkar hjå elevane. Vi har mykje dobbeltimar, og vi erfarer at fysisk aktivitet er positivt for læring. Vi tar gjerne eit avbrekk i timen og har litt aktivitet, seier rektoren.
Ros til Foldnes skule
Ressursgruppa meiner at Foldnes skule har gjort eit godt stykke arbeid og har jobba strukturert med implementering og gjennomføring av helsefremmande skule.
- Vi synest det er kjekt å sjå kva skulen og SFO har fått til, og vi håpar at både elevar, foreldre og tilsette er stolte av å vera ein del av «Helsefremmande skule». Vidare håpar vi at Foldnes skule vert ein inspirasjon for andre barneskular i Øygarden kommune, og at fleire ønskjer å bli helsefremmande skule, seier Waagbø og dei andre som representerte ressursgruppa på markeringa.
I skuleåret 2024/2025 er det to nye barneskular som er i gong med satsing på helsefremmande skule. Også andre barneskular har meldt at dei ønskjer å starta opp frå hausten 2025.
Helsesjukepleiar Ida Hjorteset seier at gjennom dette prosjektet ser ein positive resultat hjå elevane.
- Vi snakkar gjerne meir om smart mat enn sunn mat. Vi ønskjer ikkje å fokusera for sterkt på kva som er rett eller feil mat, seier ho.
Skular som ønskjer å verta helsefremmande skule kan melda si interesse til ressursgruppa på e-post: helsefremmandeskule@oygarden.kommune.no
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke