Demenskoret song seg inn i hjarto

- Musikk er ein veg tilbake til minne, kjensler og glede. Det sa kulturskulelærar og dirigent Erika Kroken før demenskoret gav publikum ein varm og ekte julekonsert i Foldnes kyrkje onsdag kveld. Nærare tre hundre personar var på plass i kyrkja.

Frå konserten med demenskoret i Foldnes kyrkje - Klikk for stort bileteFrå konserten med demenskoret i Foldnes kyrkje.

Mange solistar fekk vist seg fram på konserten.

Ein av koristane i koret er Kjell Døskeland frå Skjold nord i kommunen. Han må reknast som nokså fersk i koret. Han starta rundt 1. november, men har funne seg vel til rette. Både Kjell og kona Kari Ingrid hadde solo på konserten.

- Det er eit koseleg fellesskap i koret, og eg tykkjer det er kjekt å vera med på dette. Eg har tidlegare erfaring frå kor då eg gjekk på lærarskulen i Oslo og seinare kyrkjekor her lokalt. Eg likar å syngja både salmar og andre songar, seier Kjell som har vore lærar og rektor i mange år på Bakken skule og vore primus motor for leirplassen Skjergardsheimen. 

Kjell Døskeland i prat med ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteKjell Døskeland i prat med ordførar Tom Georg Indrevik

Ordførar Tom Georg Indrevik sparte ikkje på superlativa då han takka for den timelange konserten.

- Det var utruleg rørande å sjå dette fellesskapet og den gleda de viser. Dette er skapt av menneske. Takk til alle som kvar veke stiller opp og til sponsorane som har gjort dette mogleg. Eg vil gjerne denne jula særleg oppmoda oss alle til å takka. Det gjev eit betre samfunn, sa ordføraren som var tydeleg stolt over det han fekk vera med på.

Det var nok svigermor til ordføraren også. Berit Anita Knudtsen Larsen delte ut blomar til mange som skulle takkast for at konserten skulle verta ein realitet. 

Sofie Lie Lervik - Klikk for stort bileteSofie Lie Lervik

Gjestesongar, Sofie Lie Lervik, frå kulturskulen imponerte då ho framførte På låven sitter nissen. Operasongar Lasse Økland framførte mellom anna O helga natt med den nydelege røysta si.

- Dette er det koselegaste oppdraget eg får vera med på i tida før jul, sa Økland.

Og kanskje vi skal gjera Erika Kroken sine ord til våre.

- Å syngja saman gjev oss ei kjensle av fellesskap og tryggleik, og opnar moglegheita for å uttrykka det som kanskje ikkje alltid ein kan setja ord på.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Elena Kramaridis, Jennifer Turner, Marija Kadovic, Erika Kroken, Berit Anita Knudtsen Larsen, Kjell Døskeland og Krisin Aarvik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Elena Kramaridis, Jennifer Turner, Marija Kadovic, Erika Kroken, Berit Anita Knudtsen Larsen, Kjell Døskeland og Krisin Aarvik.

Det var mange hjelparar denne kvelden. Musikarar var: Elena Kramaridis (piano), Marija Kadovic (harpe), Jennifer Turner (fiolin), Kristin Aarvik (cello), Rune Lynglund (kornett, dirigering), Bjarne Kalgraff (torader). Gjestesongarar var Lasse Økland og Sofie Lie Lervik. 

Også frivillig medarbeidar Martha Fjell Sangolt takka andre frivillige som har vore med og bidrege til at dette vart ei feststund. Demenskoret er ein del av tilbodet til Treff+.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke