- Dei er så flinke her

Tysdag kveld var det offisiell opning av måleriutstilling på Kvednatunet på Ågotnes. 
- Her har kona vist fram eit skjult talent, seier Gunnar Mikkelsen om Unni som er ein av bebuarane som stiller ut bilete.

Frå venstre; Gunnar Mikkelsen, Unni Heimnes, Wenche Farias og Bjørg Skarpenes (framfor måleria). - Klikk for stort bileteFrå venstre; Gunnar Mikkelsen, Unni Heimnes, Wenche Farias og Bjørg Skarpenes.

Aktivitør Wenche Farias har knytt til seg Bjørg Skarpenes som har hatt tre målargrupper i sving to til fire gonger i månaden. Bjørg har mange år bak seg som hjelpepleiar og har drive med målarkunst i 45 år. Inntektene frå salet av måleria går til materiell til nye aktivtetar på Kvednatunet.

- Det er som å ha ein klasse på kurs. Bebuarane opplever meistring, og vi ser kor stolte dei er av det dei får vera med på og forma ut. Dei får oppmuntring undervegs, og vi ser kor fornøgde dei er, seier Bjørg.

Mange bebuarar og pårørande hadde funne vegen til opninga av målarutstillinga på tysdag. Røde Kors besøksteneste hjelpte til med serveringa. Knarrevik munnspillkorps spelte kjende melodiar der bebuarane song godt med. 

Måleri - Klikk for stort bileteEitt av mange måleri på utstillinga

Skjult talent

Gunnar Mikkelsen bur litt lengre nord i kommunen og besøker kona Unni Heimnes tre fire gonger i veka. Han viser fram aktivitetskalendaren og kan ikkje få skrytt nok av personalet på Kvednatunet.

- Dei er så flinke her ute. Unni har tidlegare ikkje vore interessert i å måla, men her kjem skjulte talent fram, seier Gunnar. 

Wenche Farias understrekar at bebuarane ikkje treng visa fram at dei har drive med dette tidlegare.

- Vi ser at bebuarane med dette får mange gylne augneblink. Alle har sin sjarm, seier ho om bileta som no er utstilte på Kvednatunet.

Klasserom

Bjørg Skarpenes starta med å måla porselen. Seinare har ho mellom anna måla akvarell og akryl.

- Eg opplever det som å vera i eit klasserom med kurs. Nokre bebuarar målar heile biletet utan noko form for føringar. Andre treng kanskje nokre linjer til hjelp når dei målar, seier ho.

Knarrevik munnspillkorps - Klikk for stort bileteKnarrevik munnspillkorps

Gunnar Mikkelsen fortel at han leiger husvære på Kvednatunet og at denne plassen ikkje har institusjonspreg. Her er aktivitetar som andakt, allsong, konsertar, kaffikos, sangstund og ei rekkje andre aktivitetar.

- Vi har vore saman i 33 år. Unni fylte 72 år i går. Vi har hatt og har eit godt liv. No skal eg ut på utstillinga og kjøpa måleriet til Unni, seier han.

Her er fleire bilete:

Frå opninga av måleriutstillinga på tysdag - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke