Danielsen festa for 25 år i Øygarden

Det var ingenting å seia på stemninga då 450 elevar og lærarar framførte Danielsen-dansen og markerte at Danielsen barne- og ungdomsskule er 25 år.
- Skulen dykkar gjev dykk ikkje berre fagkunnskap. Han gjev også perspektiv, verdiar og fellesskap, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han talte til elevane.

Danielsen-dansen engasjerte... - Klikk for stort bileteDanielsen-dansen engasjerte...

Etter talen, overrekking av signert T-skjorte til rektor Alexander Jensen og framføring av Danielsen-dansen var det klart for servering og aktivitetar for dei minste til dei største. 

Avdelingsleiar Harald Ruud piska opp stemninga etter beste evne og fekk elevane med seg.

Dei første åra var Danielsen ein rein ungdomsskule. Etter åtte år vart det ein kombinert barne- og ungdomsskule. I dag er det 443 elevar på skulen som er lokalisert på Straume like ved idrettsområdet på Straume.

Rektor Alexander Jenseen og ordførar Tom Georg Indrevik framfor elevane - Klikk for stort bileteRektor Alexander Jenseen og ordførar Tom Georg Indrevik framfor elevane

Fellesskapet og verdigrunnlaget er viktig

Elevane sjølv legg vekt på miljøet og den kristne profilen på skulen når dei skal forklara kvifor dei går på Danielsen. Julie Leigland og Camilla Osmundnes Aglen har gått på denne skulen i 10 år.

- Det var foreldra som meldte meg inn, og i dag vil eg absolutt seia at dei gjorde eit rett val. Det er viktig for meg at dette er ein kristen skule, seier Julie.

Akkurat no ser elevane på 10. trinn fram til ein skuletur til Krakow.

- Eg gler meg veldig til denne turen. Tidlegare har det vore lokale turar, som til dømes «Bli kjent-samling» med overnatting på Fjell-ly. Eg opplever at både elevar og lærarar er inkluderande, seier Camilla.

Frå venstre; Camilla Osmundnes Aglen, Tuva Leonora Giskegjerde, Milla Karin Lihaug og Julie Leigland. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Camilla Osmundnes Aglen, Tuva Leonora Giskegjerde, Milla Karin Lihaug og Julie Leigland.

Også Tuva Leonora Giskegjerde og Milla Karin Lihaug går på 10. trinn.

- Eg har gått på denne skulen i fem år, og eg opplever å få god hjelp frå lærarane. Eg set pris på at dette er ein kristen skule. Det var kjempekjekt å vera med på fellessamling med dei andre ungdomsskulane i Øygarden på MOT-samlinga for to og eit halv år sidan, seier Milla.

Tuva har gått her dei tre åra på ungdomssteget. Før det gjekk ho barneskulen i Skogsvåg. Også ho set pris på verdigrunnlaget til skulen.

- Begge brørne mine har gått her. Forventningane vart innfridde, seier Tuva.

Fire dansarar vise korleis Danielseen-dansen utførast. - Klikk for stort bilete

Utfordrar, inspirerer og supplerer

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at 25-årsfeiringa for Danielsen ikkje berre er ein milepåle for skulen, men for heile lokalsamfunnet i Øygarden.

- Danielsen representerer noko viktig; at foreldre og elevar kan velja, at det finst ulike måtar å driva skule på og at vi har rom for verdigrunnlag og ulike perspektiv også i skulekvardagen, sa ordføraren.

Han understreka at skulen her gjev breidde, utfordrar, inspirerer og supplerer det offentlege tilbodet.

- Saman bidreg vil i ei felles oppgåve; å gje dykk best mogleg grunnlag for livet vidare. Uansett kva skule ein går på i Øygarden, så er vi eitt lag rundt dykk, sa ordføraren.

Glad for samarbeidet

For rektor Alexander Jensen var dette naturlegvis ein stor dag. Han har gått gradene frå lærar, rådgjevar, avdelingsleiar og rektor sidan 2018. Litt vaktmeister har han også vore… 

Frå aktivitetane - Klikk for stort bileteFrå aktivitetane

Det gjorde inntrykk på han då elevpresident Hans Martin Ruud overrekte ei elev-signert T-skjorte til rektoren.

- Vi har hatt god søkning til skulen, særleg dei siste åra. Folk må søkja tidleg, seier han.

Korleis opplever du samarbeidet med kommunen?

- Vi har eit positiv samarbeid med kommunen. Haldninga er open og inkluderande frå kommunen si side. Vi er invitert til ulikt fagleg samarbeid, seier rektoren.

Han meiner skulen er eit viktig innslag i øygardssamfunnet.

- Eg opplever at vi betyr mykje for lokalsamfunnet. Mange ønskjer å ha barna på denne skulen. Vi har også eit godt samarbeid med Sotra Sportsklubb der elevar kan gå på ei linje og få delta på litt ekstra idrettsaktivitetar, seier Alexander Jensen.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Rektor fekk signert T-skjorte frå elevrådsleiar Hans Martin Ruud - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke