Carpathian Climates Festival 2026 i Krosno

Kulturarv og byutvikling

Øygarden kommune deltok helga 21.- 23. august 2026 på Carpathian Climates Festival 2026 i Krosno i Polen saman med representantar frå fleire europeiske vennskapsbyar. Temaet for samlinga var Cultural Heritage and Urban Development, med vekt på korleis kulturarv kan vera ein ressurs i samfunns- og byutvikling. 

Frå Øygarden deltok kultursjef Marian Guddal Hansen og næringssjef Marianne Furheim. På vegner av kommunen heldt Furheim eit innlegg om utfordringane og moglegheitene Øygarden står overfor som vekstkommune. Ho viste korleis kommunen arbeider med stadutvikling, og korleis kulturarv og lokal identitet kan vera ein del av løysinga. 

Ordførar i Krosno Piotr Przytocki saman med kultursjef Hansen og næringssjef Furheim.JPG - Klikk for stort bileteOrdførar i Krosno Piotr Przytocki saman med kultursjef Hansen og næringssjef Furheim.JPG ØK

Kultur som drivkraft for utvikling

Eit gjennomgåande bodskap på konferansen var at kultur ikkje må sjåast på som ein kostnad, men som ein strategisk ressurs og ein viktig del av samfunnsutviklinga. 

Krosno viste korleis byen gjennom fleire år har satsa på museum, kulturinstitusjonar, design og tradisjonshandverk. Byen har modernisert musea og utvikla dei til attraktive møteplassar og besøksmål. Deltakarane trekte særleg fram arbeidet med å ta vare på tradisjonelle fag og handverk. Mellom anna utdannar Krosno nye klokkemakarar for å sikra kompetanse og styrkja den lokale identiteten. 

Klokkemaker museum - Klikk for stort bileteKlokkemaker museum ØK

Fleire innleiarar understreka at innovasjon og vern av kulturarv ikkje står i motsetnad til kvarandre. Nye løysingar innan forvalting, lagring og sikring av kulturarv får stadig større tyding, ikkje minst i eit beredskaps- og tryggleiksperspektiv. 

Design, kultur og attraktivitet

Krosno løfta fram dei sterke tradisjonane byen har innan glasproduksjon og glasdesign. Designfestivalen i byen har utvikla seg til å bli eit viktig verkemiddel for å synleggjera kulturarven og samstundes skapa ny aktivitet og auka attraktivitet. 

Diskusjonane viste at kulturinvesteringar krev langsiktig finansiering og økonomisk robustheit. Samstundes peika deltakarane på at verdien av kultur ikkje berre kan målast i kroner og øre. Kultur, arrangement og kreative næringar trekkjer til seg både besøkande, kompetanse og aktivitet. Dette styrkjer utviklinga i byane. 

Vern gjennom bruk

Fleire innlegg understreka kor viktig det er å bruka kulturhistoriske bygningar og kulturmiljø aktivt dersom dei skal halda seg levande. 

Mange peika på at historiske bygningar og bymiljø skaper identitet og gjer stader meir attraktive for både innbyggjarar og besøkande. Samstundes framheva dei kor viktig det er å ta vare på det autentiske når byar og tettstader utviklar seg. 

Eit sentralt prinsipp var å ta vare på eksisterande bygningar der det er mogleg, framfor å riva og byggja nytt. Ny utbygging bør styrkja både historiske kvalitetar, lokal identitet og grøne område. 

Erfaringar frå Tyskland

Representantar frå tyske byar delte erfaringar frå byutvikling og omstilling. 

Særleg interessant var innlegget frå Marl, ein by med lange tradisjonar innan kol- og industriverksemd. Etter at delar av industrien vart lagde ned, har byen arbeidd målretta med å finna ny bruk for tidlegare industri- og gruveområde. 

Utfordringa har vore å skapa nye arbeidsplassar, modernisera sentrumsområda og samstundes ta vare på historia som har forma byen. Erfaringane viste kor viktig det er å bruka kulturarven aktivt i omstillingsarbeid og identitetsbygging. 

Perspektiv frå Ukraina

Innlegga frå ukrainske representantar gav eit sterkt innblikk i kor viktig kultur og identitet er i ei tid prega av krig og uvisse. 

Representantar frå Uzhhorod og Transkarpatia understreka at kultur ikkje berre handlar om fortida, men også om framtida. Kulturarven må vera relevant for nye generasjonar og bidra til å byggja forståing, identitet og samhald. 

Fleire peika på at UNESCO-status kan vera eit viktig verkemiddel, men at lokalt engasjement og eigarskap er avgjerande for å lukkast. Kultur får verdi når innbyggjarane kjenner historia si og opplever tilknyting til staden dei bur. 

 

Øygarden sitt bidrag

I presentasjonen frå Øygarden løfta kommunen fram ei utfordring som mange vekstkommunar står overfor:

Korleis kan vi leggja til rette for vekst utan å mista identiteten vår?

Furheim under presentasjon.jpg - Klikk for stort bileteFurheim under presentasjon.jpg ØK

Næringssjef Marianne Furheim presenterte korleis Øygarden arbeider med stadutvikling og planlegging i ein kommune med sterk vekst. Eit sentralt tema var korleis lokal historie, kultur og tilknytinga til kysten kan prega utviklinga av nye område.

Ho viste mellom anna til arbeidet med Sotra Kystby og planlegginga av nye bustad- og sentrumsområde. Målet er å ta vare på lokale kvalitetar og styrkja den særmerkte kystidentiteten. Presentasjonen løfta også fram kor viktig innbyggjarmedverknad er, og verdien av innsatsen frå historielag, kulturinstitusjonar og frivillige som tek vare på og formidlar kulturarven i lokalsamfunnet.

Eit viktig bodskap var at utvikling ikkje berre handlar om nye bygg og ny infrastruktur. Ho handlar også om å ta vare på det som skaper identitet, tilhøyrsle og stoltheit til staden.

 

 

 

Viktige læringspunkt

Konferansen synte at mange europeiske kommunar arbeider med dei same utfordringane knytte til vekst, utvikling og kulturarv.

Fleire tema gjekk att gjennom samlinga:

  • Kulturarv kan vera ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga.
  • Lokal identitet blir stadig viktigare når byar og lokalsamfunn veks og endrar seg.
  • Historiske bygg og kulturmiljø kan få nytt liv gjennom aktiv bruk.
  • Kultur bidreg til attraktivitet, tilhøyrsle og verdiskaping.
  • Innbyggjarane spelar ei sentral rolle i arbeidet med å ta vare på lokal historie og identitet.
  • Utvikling krev balanse mellom vern, fornying og berekraft.

 

Deltakinga gav Øygarden nyttige perspektiv på korleis andre europeiske byar og kommunar arbeider med dei same problemstillingane. Samstundes stadfesta konferansen at arbeidet med stadutvikling, innbyggjarmedverknad og kulturarv i Øygarden er godt forankra i utviklingstrekk som går att mange stader i Europa.

Fleire bileter frå turen:

Fellesbilete av heile delegasjonen.JPG - Klikk for stort bilete
Frå marknadsplassen i Krosno.jpg - Klikk for stort bilete
Tradisjonelle folkedraktar i Krosno.jpg - Klikk for stort bilete
Frå klokkemuseet i Krosno - Klikk for stort bilete
Klokkemaker museum - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto:

Marianne Furheim