Byggjer ny skule på vestsida

Kommunestyret vedtok tysdag å starta arbeidet med å byggja ny skule på Skålvika så raskt som mogleg (innan 2027). Bygget skal dimensjonerast for 150-200 elevar. Det vart også vedteke å etablera sjukeheim på Straume.
 

Det vart vedteke å byggja ny skule på Skålvika. Biletet viser noverande skulebygg. - Klikk for stort bileteDet vart vedteke å byggja ny skule på Skålvika. Biletet viser noverande skulebygg.

Vedtaket vart gjort samrøystes. I fase eín skal det byggjast eit nytt skulebygg på Skålvika. For å koma raskt i gang med prosjektet, skal bygget altså dimensjonerast for 150 -200 elevar slik at det ikkje utløyser krav om regulering. I fase to skal det leggjast til rette for ei eventuell utviding av skulen i ein seinare fase (fase to), men det skal ikkje takast stilling til ei slik utviding no.  

Kommunedirektøren får fullmakt til å velja den anskaffingsmodellen som gjev raskast mogleg oppstart og framdrift i prosjektet. Dette kan omfatta val av entreprenør, kontraktsform eller andre praktiske løysingar. Kommunestyret ber om at det vert utarbeidd ei oppdatert kostnadsoversikt for prosjektet.

Det vert bedt om at kommunedirektøren kjem tilbake til kommunestyret med ei eiga sak som skildrar korleis vedtaket kan gjennomførast i praksis, inkludert framdriftsplan, økonomiske vurderingar og val av anskaffingsmodell.

Det første utkastet til ny skule på vestsida hadde ein kapasitet på 450 elevar som skulle husa elevane frå begge krinsane (Ulveset og Skålvika).  Alternativet som vart vedteke har altså eit mindre omfang og vesentleg lågare kostnad. 

Byggjer sjukeheim 

Kommunestyret vedtok at det vert etablert sjukeheim på Straume vert på tomt 35/171 i Skipsdalen, og at arbeidet startar snarast mogleg. Bygget skal utformast slik at det ved behov kan koplast saman med andre bygg med tilsvarande funksjonar. Det skal planleggjast for nytt storkjøken i bygget.

Sjukeheimen vert bygd med 80 plassar og med moglegheit for å utvida med ytterlegare 40 plassar. Kommunedirektøren får fullmakt til å velja den mest formålstenlege gjennomføringsmodellen for å sikra framdrift, medrekna prefabrikkerte løysingar. 

Han får også fullmakt til å vurdere alternative løysingar, også i samarbeid private. Dersom dette blir aktuelt, skal det fremjast ny sak for kommunestyret kor det blir gjort greie for kva økonomiske innsparingar eit slik alternativ vil kunne ha sett i høve til punkt 1 (første avsnitt). Dette punktet vart vedteke mot 15 røyster (Ap, SV, Raudt, MDG, Sp og INP).

Prosjektkostnaden for ny sjukeheim med 80 plassar er estimert til 525 millionar inklusive meirverdiavgift. Tilleggskostnader for kjøken er rekna til 30 millionar, parkering 50 millionar og gangbru 25 millionar kroner. 

Innfører ikkje eigedomsskatt på næring

Kommunestyret vedtok at det ikkje skal innførast eigedomsskatt på næring. Vedtaket vart gjort med 40 røyster.

SV, MDG og Raudt føreslo at saka om eigedomsskatt på næringsverksemd skal vidareførast og takast med i årets budsjettbehandling og økonomiplan med mål om at eigedomsskatt kan innførast frå 2027. Forslaget fekk fire røyster og fall.

I saka har kommunedirektøren har vurdert spørsmålet om eigedomsskatt på næring etter oppdrag frå formannskapet i mars. Han har sett på både fordelar og ulemper med å innføra denne skatten. 

Konklusjonen er altså at det ikkje bør innførast eigedomsskatt på næring no, men at ein eventuelt kan koma tilbake til dette etter at andre effektiviseringstiltak er gjennomført.

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det er vanskeleg å rekna ut potensialet på eigedomsskatt på næring utan å taksera eigedomane. Det er mogleg at denne skatten kan gje ei inntekt på 40 – 50 millionar kroner. I saka står det at det er høgt driftsnivå som er problemet for Øygarden kommune.

- Arbeidet med den økonomiske omstillinga har så langt vist eit mogleg potensiale for innsparingar som bør takast ut før ein vurderer å innføra eigedomsskatt på næringsverksemd eller bustadar, skriv kommunedirektøren.

Frå kommunestyremøtet 21. oktober. På talastolen; Anita Vindenes (H). - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet 21. oktober. På talastolen; Anita Vindenes (H).

Tiltaka gjev effekt

Kvartalsrapporten for 2. kvartal (pr. 31. juli) viser eit positivt netto driftsresultat som er 49,8 millionar kroner betre enn budsjettert. 

Kommunestyret tok kvartalsrapporten til etterretning. 

Kommunestyret ber formannskapet om å følgja den økonomiske situasjonen nøye og forventar at kommunedirektøren gjer dei nødvendige justeringane i drifta som trengst.

Det vert tilrådd at kostnader med redusert foreldrebetaling (8 millionar kroner), auka basistilskot til legar (1,7 millionar kroner) og pensjonsutgifter (26,4 millionar kroner) vert dekt inn med ekstra rammetilskot på 36 millionar kroner. 

Det vart vedteke eit tillegg knytt til revidert statsbudsjett om å setja av om lag 8,6 millionar kroner til disposisjonsfond. Fondet vert etter dette 44,6 millionar kroner. 

Det er budsjettert med eit positivt netto driftsresultat på 31 millionar kroner i 2025. Pr 31. juli er netto driftsresultat 49,8 millionar kroner betre enn budsjettert. 

Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 17,5 millionar kroner ved utgangen av juli. Det er ei forbetring på om lag åtte millionar kroner samanlikna med 1. kvartal (31. mars). Etter at dei kortsiktige tiltaka er sette i verk, har kommunalsjefområdet Oppvekst ein prognose på 15 millionar kroner i meirforbruk, medan Helse og velferd har ein prognose på seks millionar kroner i meirforbruk.  

Eigarskapsmelding

Kommunestyret vedtok framlegget til revidert eigarskapsmelding og at kommunedirektøren får fullmakt til å oppdatera eigarskapsmeldinga kontinuerleg ved eventuelle endringar i eigarporteføljen eller styrerepresentasjon. Endringane i revidert eigarskapsmelding handlar i all hovudsak om endringar i styre. I tillegg er eigarstrategiar til nokre av selskapa reviderte.

Eigarskapsmeldinga skal gje ei oversikt over kva selskap kommunen eig, og sikra tydelege styringssignal til selskapa. I tillegg skal eigarskapsmeldinga bidra til å avklara eigarskapspolitikken i kommunen, og slå fast oppgåve- og rollefordeling i eigarskapsforvaltingar.

Lyser ut konkurranse på omsorgsbustader

Det vart vedteke å lysa ut konkurranse på 40 nøkkelferdige omsorgsbustader. Bustadene er tenkt plassert på Straume eller i eitt av kommunedelsentera.  

Etter forslag frå Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ og Venstre vart det vedteke at kommunestyret ynskjer primært at prosjektet vert lagt til kommunedelsenteret på Ågotnes dersom det ikkje bryt med reglementet for offentleg anskaffing.

Denne saka er ei oppfølging av to tidlegare politiske saker om å byggja omsorgsbustader i samarbeid med private aktørar og tilbod om kjøp eller leige av omsorgsbustader til eldre på Ågotnes.

I vedtaket vert det vist til behovet for å få realisert 40 omsorgsbustader for personar med vedtak om heildøgns omsorgsteneste innan 2028. I saka og tilrådinga går det fram at bustadene vert plasserte på Straume eller i eitt av kommunedelsentera og nær eksisterande institusjon eller heimesjukepleie. Konkurransen gjeld kjøp av nøkkelferdig prosjekt, med opsjon på leige i samsvar med krav til investeringstilskot og meirverdikompensasjon.

Prosjektet må utformast slik at det fyller vilkår for investeringstilskot frå Husbanken og legg til rette for effektiv drift og døgnkontinuerlege tenester. Det må ha i infrastruktur for velferdsteknologi og nødvendige servicefunksjonar og lokaliserast nær andre relevante tenester. Kommunestyret ber om ei orientering om resultatet av konkurransen våren 2026

Det er venta at konkurransen vert lyst ut i januar 2026 og at bygga står ferdig i 2028.

Frå møtet 21. oktober - Klikk for stort bileteFrå møtet 21. oktober

ROS-analyse

Overordna risiko- og sårbarheitsanlayse (ROS-analyse) for Øygarden kommune vvart vedteken slik han låg føre. Med utgangspunkt i sivilbeskyttelseslova skal kommunen forbetra eksisterande I vedtaket heiter det vidare at beredskapsplanane skal innehalda ei oversikt over dei tiltaka kommunen har førebudd for å handtera uønskte hendingar.

Planane skal mellom anna innehalda ein plan for kommunal kriseleiing, varslingslister, ressursoversikt, evakueringsplan og ein plan for informasjon til innbyggjarane og media.

Planprogram til arealdelen til kommuneplanen

Forslaget til planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2027-2039 vart vedteke å leggja ut til høyring i seks veker. Vedtaket er i samsvar med tilrådinga frå kommuneplanutvalet.

Med planforslaget følgjer strategiar og prinsipp som viser kva verdiar kommunen skal bevara og Plan kommunestyret sluttar seg til tilrådinga, vil planen liggja ute til høyring i perioden 24. oktober til 7. desember.

I eitt av endringsforslaga senterstrukturen justert ved at lokalsentera Toftøyna, Knarrvika og Møvika/Ulveset er tekne ut av sentrumsstrukturen. Dette vert grunngjeve med at det gjer det enklare å styrkja dei omkringliggande lokalsentera og tenestene som vert levert i desse, samstundes som ein kan vidareføra tilbod (t.d. butikk og skule) og arealformål som eksisterer utanfor den justerte sentrumsstrukturen.

Senterpartiet føreslo å behalda original tekst i første kulepunkt under tema landbruk. - Vi skal ha nullvisjon mot nedbygging av landbruksjord. Dette fekk 16 røyster og vart ikkje vedteke.

Arbeidarpartiet fekk ikkje fleirtal for eit forslag om å ta ut lokalsentera Toftøyna og Knarrvika av sentrumsfunksjonen.

Høyring om «forbod om nedbygging av myr»

Saka om høyringsuttale til forslag til endring i plan- og bygningslova - forbod mot nedbygging av myr førte til ein del debatt på kommunestyremøtet.

MDG fremja eit forslag om sterkare vern gjennom lovverket, medan fleirtalskonstellasjonen fremja eit lengre forslag om at forbod gjennom plan- og bygningslova ikkje er det beste verkemiddelet.

Under avrøystinga fekk innstillinga frå kommunedirektøren to røyster, medan forslaget frå MDG fekk 15 røyster. Forslaget frå fleirtalskonstellasjonen (minus Venstre) fekk 27 røyster og vart vedteke.

Les forslaget frå MDG her. (PDF, 86 kB)

Her er forslaget frå fleirtalskonstellasjonen som vart vedteke. (PDF, 92 kB)

Godkjente plan om miljøgate

Kommunestyret godkjente detaljregulering av miljøgate Ågotnes vest. Planområdet er på 30 dekar og omfattar strekninga frå avkøyringa til kollektivterminalen i aust fram til parkeringsplassen ved Kårtveitpollen i vest.

Formålet med planen er å leggja til rette for mjuke trafikantar langs aksen. Plangrepa vil også føra til betre forhold for dei køyrande. Køyrevegen vert utvida til seks og ein halv meter breidde langs det meste av strekninga for å gje betre og tryggare framkome. Breidda på fortauet vert to meter sør for fylkesvegen, og 2,25 meter nord for fylkesvegen med langsgåande sykkelveg på 2,75 meter breidde.

Står fast på vedtak om mellombels forbod mot tiltak

Kommunestyret vedtok å ikkje omgjera vedtak i kommunestyret den 19. juni der mellombels forbod mot tiltak på Harkestad og i Svanevågen vart oppheva. Det vart då vidare vedteke å leggja ned nytt mellombels forbod mot tiltak langs deler av røyrtraseen til Vestprosess, Troll kondensat, og Oseberg transportsystem.

Vedtaket i kommunestyret er klaga av Kjersti Semshaug og Anita og Geir Hellesø.

I vedtaket heiter det at ein kan ikkje sjå at klagen inneheld nye opplysningar som tilseier ei omgjering av vedtaket i kommunestyret 19. juni. Saka vert difor sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Tenesteskildringar Helse og velferd - etter høyring

Denne saka skisserer formålet med ein tenestekatalog, samt tenesteskildringar som er utarbeidde i tett samhandling med tenestestadene. Den detaljerte tenestekatalogen skildrar kva forventningar innbyggjarane kan ha til kommunale tenester i tida som kjem. 

Tenesteskildringane vart vedtekne slik dei låg føre, med ei mindre endring for brukarstyrt personleg assistanse.

Kvalitetsmeldinga for grunnskulen 2024-2025 for Øygarden kommune

Kvalitetsmeldinga for grunnskulen er den årlege rapporteringa frå administrativ skuleeigar til politisk skuleeigar.
Kommunestyret tok kvalitetsmeldinga til orientering og ber kommunedirektøren prioritera fleire innsatsområde i skuleåret 2025- 26. Dette er fagleg utvikling, undervisningspraksis, læringsmiljø og tidleg innsats og tverrfagleg samhandling. Les heile vedtaket her. (PDF, 39 kB)

Andre saker

  • Finansrapport 2. kvartal 2025
  • Sluttbehandling - Kommunalteknisk vatn- og avløpsnorm og Overvassnorm
  • Møteplan for 2026
  • Høyring - strategi for rekruttering av personell i helse- og velferdsyrka 
    Kommunestyret vedtok  høyringsuttale slik han går fram av vurderinga i saka.
  • Svar på høyring om arealnormer, utforming og bruk av kompenserande tiltak 
    på uteområde i skular
  • Nyval til politisk verv 2025-2027
  • Fritak frå politiske verv 2023-2027
  • Søknad om fritak frå embete som meddommar for perioden 2025-2028


Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
 

Tekst: Vigleik Brekke