Bygdeboka - manuskript til gjennomsyn - frist 10. august
Det neste bandet av Øygarden bygdebok, som etter planen kjem i haust, handlar om gardane Oen, Rossnes/Nålura, Breivik og Herdlevær.

Men alt no har alle høve til å lesa gjennom eit utkast til slektsdelen, som tar for seg familiane som har budd på desse fire gardane frå 1500-talet og fram til vår eiga tid. Vi oppmodar alle interesserte til å lesa gjennom og kontrollera informasjonen i teksten, slik at feil kan rettast opp før trykking av boka. Dette gjeld særleg informasjon frå dei siste 70 år.
Vi understreker at manuskriptet er uferdig og ufullstendig, og ber om at denne versjonen ikkje blir publisert eller mangfaldiggjort andre stader.
Ein kan lesa manuskriptet på tre måtar:
- Det ligg no tilgjengeleg i papirform på innbyggartorga/biblioteka på Rong, Straume og i Skogsskiftet. (Rong og Skogsskiftet er berre ope gjennom "meirope"-ordninga til 3. august.)
- Manuskriptet kan lesast digitalt her, og bruka passordet «Øygarden2026» (merk at denne versjonen ikkje er søkbar og ikkje kan lastast ned)
- Manuskriptet kan også bestillast via e-post, ved å senda ei melding til halvor.skurtveit@oygarden.kommune.no (Ein vil då få tilsendt ein versjon som er søkbar.)
Slektsmanuskriptet er tilgjengeleg frå 23. juli til 10. august 2026. Alle merknader, rettingar, suppleringar m.v. må sendast til prosjektleiar Yngve Nedrebø så snart som mogleg, og seinast 10. august 2026. (Kontaktinfo finn de i starten av manuskriptet.)
Foto: Herdlevær på 1960-talet. Widerøe's Flyveselskap, eigar Kystmuseet i Øygarden.
Publisert 24.07.2026 15.12