Busshaldeplass på Torsvik er teken i bruk

- Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på dette prosjektet. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at arbeidet er fullført og busshaldeplassen på Torsvik er teken i bruk. 

Den nye busshaldeplassen på Torsvik - Klikk for stort bileteDen nye busshaldeplassen på Torsvik

Fram til den nye busshaldeplassen kom på plass, har det vore to-sidig busstopp ved Torsvikkrysset utan tilrettelagt trygg kryssing av fylkesveg 561 for mjuke trafikantar. I juni 2022 omkom ein 12 år gamal gut då han skulle kryssa vegen.

Måndag var leiinga i Øygarden kommune og samferdsle i Vestland fylke samla for å markera at prosjektet er fullført. Busshaldeplassen har kosta om lag 11 millionar kroner. Prosjektet er finansiert med 10 millionar kroner av overskotsmidlar frå eit prosjekt på Arseta på Rong og eín million kroner i trafikksikringsmidlar frå Vestland fylke. 

Med denne nye løysinga er busstoppa både for nordgåande og sørgåande trafikk plassert på vestsida av fylkesveg 561. Ein vil då unngå at nokon må kryssa fylkesvegen for å koma seg til eller frå bussen.

- Det er viktig å sikra mjuke trafikantar. Etter ulukka arbeidde vi med å finna finansiering av ein ny busshaldeplass. Det har vore eit godt samarbeid i dette prosjektet og folk er positive til at dette er på plass. Eg vil takka alle som har bidrege til dette, ikkje minst fylkeskommunen, seier ordførar Tom Georg Indrevik. 

Frå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik, prosjektleiar Are Mjøs (Sartor Drange), avdelingsleiar vegforvaltning/infrastruktur og veg John Martin Jacobsen (Vestland fylkeskommune), prosjektleiar utbygging Therese Skårnes Borgen (Øygarden kommune), leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune Arve Helle og leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun. - Klikk for stort bileteFrå venstre; kommunedirektør Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik, prosjektleiar Are Mjøs (Sartor Drange), avdelingsleiar vegforvaltning/infrastruktur og veg John Martin Jacobsen (Vestland fylkeskommune), prosjektleiar utbygging Therese Skårnes Borgen (Øygarden kommune), leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune Arve Helle og leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun.

Godt samarbeid

Fylkeskommunen har bidrege med trafikksikringsmidlar. Arve Helle er leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune. 

- Det har vore viktig å finna ei trygg løysing som kan hindra liknande ulukker. Det er kjekt å høyra at samarbeidet med fylkeskommunen har fungert godt. Eg også vil takka alle som har bidrege til dette, seier han.

Prosjektleiar Therese Skårnes Borgen er glad for at ein kunne nytta overskotsmidlar frå Arseta-prosjektet til ny busshaldeplass på Torsvik. Ho seier at det har vore eit godt samarbeid både med fylket, Statnett drift, bussoperatør og entreprenør Sartor Drange.

- Vi opplever at denne løysinga fungerer godt for busstrafikken, og entreprenøren har levert og løyst alle utfordringane. Alle budsjetta er haldne, seie ein nøgd prosjektleiar.

Prosjektleiar Are Mjøs i Sartor Drange takka også for samarbeidet. 

Dronevideo av busshaldeplass på Torsvik


Tekst: Vigleik Brekke
Dronevideo og foto: Sartor Drange og Vigleik Brekke