
Møtet starta klokka 09.00 med innleiing frå ordførar og kommunedirektør.
- I Øygarden kommune har vi 40 300 tusen kundar som på ein eller annan måte har bruk for våre tenester. Eg håpar vi kan ha fokus på dei som ikkje fyller mailboksen, dei som ikkje går i demonstrasjonstog og er på Facebook. Det er ofte dei som vert gløymt i dei diskusjonane vi no skal inn i. Eg håpar på ein aktiv og innhaldsrik dag, sa ordførar Tom Georg Indrevik i innleiinga.
Formannskapet skal ha budsjettseminar der det handlar om omstilling og omstillingsbudsjett. Det første lengre innlegget er ved direktør i PwC Robert Rastad som snakkar om kritiske suksessfaktorar.
Dei politiske sakene vert venteleg behandla om lag klokka 18.15. Tidspunktet er ikkje heilt fastsett, og sakene kan verta behandla litt tidlegare eller litt seinare enn planlagt.
Blant sakene er kvartalsrapport og vurdering av eigedomsskatt på næringsverksemd.
På møtet deltek også tillitsvalde for hovudsamanslutningane, hovudvernombodet, gruppeleiarane for alle partia og leiarane for hovudutvala.
Her kan du følgja møtet på kommune-TV.
På grunn av tekniske problem, er litt av møtet i starten ikkje med på opptaket. Møtet er lukka frå kl. 13.30 til om lag kl. 17.00 og vert difor ikkje sendt på kommune-TV.
Her er innkalling med saksdokument.