- Bruk gjerne tømmestasjonen i Ovågen!

Etter at tømmestasjonen for bubilar på Rong er vorten skadd etter ein påkøyrsel, presenterer kommunen eit godt alternativ for bubilturistane i området. Einingsleiar for vegforvaltning i Øygarden kommune, Lennart Falkenberg-Arell, viser fram eit godt alternativ nokre kilometer lengre nord i kommunen.

Lennart Falkenberg-Arell ved sida av tømmestasjone i Ovågen - Klikk for stort bilete- Dette er ein godt tilrettelagd tømmestasjon, seier Lennart Falkenberg-Arell

Sju kilometer nord for Rong er det ein godt tilgjengeleg tømmestasjon med god parkering for bubilar i Ovågen like ved innkøyringa til parkeringsplassen for Kystmuseet.

Falkeberg-Arell seier at skaden på tømmestasjonen på Rong tidlegare i år var så omfattande at han måtte stengjast. 

Det vert arbeidd med å få på plass ein ny tømmestasjon ved Hjeltefjorden fjordpark i god tid før sesongstart i 2027.

- Vi ønskjer at brukarane av tømmestasjonane skal ha eit godt tilbod i området. Denne sesongen vil vi difor oppmoda bubilturistane til å nytta tømmestasjonen i Ovågen. Også dette er eit fint område med mellom anna Kystmuseet som attraktiv destinasjon, seier einingsleiar for vegforvaltning, Lennart Falkenberg-Arell.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat