Bokkafe på Øygarden ungdomsskule

Tenk deg 105 lesande ungdommar samla i eit rom.
Rundt små bord sit elevane gruppevis. Det er heilt stille. Ein høyrer knapt at dei blar seg vidare. Alle les. Eit lite pling i ei klokke, og bokpraten om boka dei har lese i, er i gang.  
 

Frå bokkafe på Øygarden ungdomsskule - Klikk for stort bileteFrå bokkafe på Øygarden ungdomsskule

Slik starta skuledagen her på Øygarden ungdomsskule torsdags morgon. 

8. og 9.klasse var samla til bok-kafe i fellessalen i samanheng med verdas bokdag 23. april. Dette er ein dag der folk over heile verda feirar bøker og lesing. Målet er å få fleire til å lesa, setja pris på forfattarar og oppdaga nye historier.

At det er viktig at ungdommen les, prøver vi på Øygarden ungdomsskule å gjera noko med. Bokkaféen blir ekstra krydder sjølv om det er det vanlege lesearbeidet og den jamne lesetreninga som gjer resultat. Likevel er det kjekt å stella til noko felles for elevane våre, og såleis er bokkaféen med på å minna oss på kor fint og viktig det er å lesa.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Mvh Hilde Vik
skulebibliotekar på Øygarden ungdomsskule