Bidreg til meir fokus på miljø

Onsdag denne veka fekk Specsavers Straume overrekt Miljøfyrtårn av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Vi er oppmuntra av kjeda til å verta Miljøfyrtårn og får hjelp i form av kurs i sertifisering, seier dagleg leiar John Flodmo.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, John Flodmo og Nina Osnes Herdlevær. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, John Flodmo og Nina Osnes Herdlevær.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Så langt er 36 av dei 84 forretningane i Specsavers-kjeda sertifisert. Forretninga på Straume har sju tilsette og hadde ein omsetnad i fjor på vel 10 millionar kroner. Optikarforretninga flytta inn i nye lokale i Grønamyrvegen i Solsio-bygget for tre år sidan.

- Det var eit stort løft for oss, seier John Flodmo.

Det følgjer med ein del forpliktingar for å verta sertifisert. Specsavers har samarbeida om kjeldesortering med huseigar.

- Folk etterspør om vi er miljøfyrtårnsertifisert. Vi tar imot brukte briller. I eit samarbeid med Asker Produkt AS vert brillene sorterte. Ein del av brillene vert sende til Tanzania. Når uniformene våre er utslitne, vert dei samla inn og resirkulert, seier Nina Osnes Herdlevær.

Osnes Herdlevær som er medeigar saman av Specsavers Straume saman med John Flodmo og personalansvarleg. Dei driv også Specsavers i Fyllingsdalen.

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over at fleire og fleire bedrifter i Øygarden vert miljøfyrtårnsertifiserte. 

- Kundane er i større grad enn før opptekne av berekraft, seier han.


Tekst og foto: Vigleik Brekke