Avvikling av Aksjonssenteret og vidareføring av tenester

Aksjonssenteret, som har halde til i Øygarden lokalmedisinske senter, skal avviklast. Men dei viktigaste tenestene som har vore knytt til dette senteret vert vidareførte. Døme på dette er kvardagstenester der Øygarden kommune har inngått avtale med private leverandørar som tilbyr ei rekkje tenester til seniorar.

Velkomen til innbyggartorga og biblioteka! - Klikk for stort bileteKontakt innbyggartorget og biblioteket om du har spørsmål knytt til desse tenestene.

Kontakt

Dersom du har behov for å hjelp som Aksjonssenteret tidlegare har kanalisert, ringjer du tlf. 56 16 00 00 (innbyggartorget og biblioteket). Der får du hjelp og informasjon om kommunale tenester og tilbod frå frivillige og private aktørar. Telefontida er måndag – fredag kl. 09.00-11.00 og 13.00-15.00.

Nettside

Den tidlegare nettsida til Aksjonssenteret er «omdøypt» til Seniortilbod – Øygarden kommune. Her er oversikt og kontaktinformasjon om dei tilboda som vert vidareførte.

Tryggleiksalarm

På nettsida Tryggleiksalarm – Øygarden kommune finn du digitalt skjema for førespurnad om tryggleiksalarm. Koordineringssenteret syter for at søkjar får svar på søknaden.