Åshild Eriksen fekk prisen Årets barnekordirigent

Kulturskulelærar og kulturskulekordirigent Åshild Eriksen vart tildelt prisen på Bergen barnekorfestival i Grieghallen på sundag.
- Det er veldig kjekt å bli sett pris på og at eg blir sett for arbeidet eg gjer, seier prisvinnaren til Vestnytt.

Prisen vart delt ut på Bergen barnekorfestival sist helg. - Klikk for stort biletePrisen vart delt ut på Bergen barnekorfestival sist helg.

Sidan 2005 har Ung i Kor delt ut prisen Årets barnekordirigent. Prisen vert delt ut til ein dirigent som har gjort eit særskilt framståande arbeid med barn og unge.

Vinnaren får eit stipend på 30 tusen kroner, ein handlaga glasskulptur av glaskunstnar Gerd E. Henriksen, diplom og dessutan heider av å inngå i eit framståande selskap.

I grunngjevinga frå juryen gjekk det fram at årets pris går til ei som verkeleg brenn for barnekorarbeid, og som lever opp til Ung i Kor sitt motto unge stemmer skal høyrast.

- Det er det eg synest er det aller viktigaste; at alle skal høyrast og ha ei kjensle av å kjenna seg sett og viktig i koret, seier Eriksen.

Les meir på nettsida til Vestnytt.