I dag (2. desember) vart juletreet på Skogsvåg skule tent.Rektor hadde eit klart ønske: "Jo større, jo betre!" FAU bidrog òg med pepperkaker og julelys til uteområdet, noko som skapte ei varm og stemningsfull ramme for førjulstida.
På fredag fekk skuleleiinga lys i uteområdet, eit julehjarte og lys til juletreet. Det viste seg å ikkje vera ei enkel oppgåve, men heldigvis fekk vi hjelp frå Øygarden brannvesen til å få lysa opp i treet.
Måndag 2. desember starta heile skulen adventstida med ei felles samling ute. Rektor leia samlinga, og stemninga var heilt magisk. Elevane song, elevrådsleiaren tende adventslyset, og heile skulen dansa nissedansen med stor entusiasme. Rektor utnemnde vinnaren av Gullhengaren! Dette er ein konkurranse der elevrådet sjekkar garderobane kvar dag. Den klassen som har den ryddigaste garderoben, får gullhengaren og premie viss eit trinn får 3 stykk.
Det var fellessamling ute.Høgdepunktet for morgonen var då juletreet vart tent. Heile skulen telte saman ned frå 10 til 0, og då lysa blinka til liv, var det som om magien fylte lufta.
Denne felles opplevinga samla elevar, tilsette og foreldre i ei varm og inkluderande førjulstid. Adventstida på Skogsvåg skule har verkeleg starta på beste vis!
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Ingrid Bildøy Hestad, rektor