Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Sverre Overå og ordførar Tom Georg Indrevik framfor området er anleggsarbeidet er i full gang.

I dag vart det markert at olje- og energidepartementet har godkjent utbyggingsplanane for utbygging, anlegg og drift av Northern Lights-prosjektet, Langskip CO-lagring. I dag vart det også kjent at det er inngått intensjonsavtale med det multinasjonale selskapet Climeworks frå Sveits. Det vart også markert at det nye mellombelse visningsanlegget i Energiparken i Øygarden er klar til bruk.

 

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 09.

 

Denne veka er det møte i utval for samfunnsutvikling, utval for tenester og levekår og utval for plan.

  

Her får Sotranot og Kristian Lokøy Miljøfyrtårnsertifikatet av ordførar Tom Georg Indrevik.

Torsdag føremiddag var det Sotranot på Straume sin tur til å få overlevert Miljøfyrtårnsertifikat frå ordførar Tom Georg Indrevik.

  

Frå venstre; marknadskoordinator Linda Teigland, ordførar Tom Georg Indrevik, avdelingsleiar vaskeri Tommy Olavsen og dagleg leiar Hege Elvestad.

Frå 1. mars har Trigger Jobb AS ansvaret for levering av alle vaskeritenestene til institusjonane i Øygarden. Utanfor Øygarden lokalmedisinske senter var to bilar klare med utstyr då dette nyleg vart markert.

  

Kommunedirektør Rune Lid er svært nøgd med resultatforbetringa på kr 112 mill i det første driftsåret i ny kommune. Dette viser at arbeidet med god økonomistyring har gitt effekt til trass for eit krevjande driftsår, med ny samanslått kommune og Covid-19. Kommunedirektøren meiner at kommunen er på rett veg, men at det framleis gjenstår krevjande økonomiske prioriteringar for å oppnå ein bærekraftig kommuneøkonomi. Kommunedirektøren understrekar også at ein må halda fram arbeidet med å evaluera organisasjonen og forbetra rutinar.

  

Berit Anita var mellom dei som orienterte om arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen.

Eldrerådet ønskjer at flest mogleg engasjerer seg i arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. Dette vart drøfta på møtet i eldrerådet i sist veke.

 

IceCO2 ved Thor Berg (til venstre) og Renevo ved Jan Kåre Pedersen underteikna i dag kontrakt for levering av 500 tonn Bio-CO2.

I dag underteikna selskapet IceCO2 på Straume og Renevo på Stord ein kontrakt  for levering av 500 tonn Bio-CO2.

 

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 08.

 

Ill.foto: Colourbox

Til saman auka folketalet i Øygarden kommune med 52 personar i løpet av dei siste tre månadane av 2020. Dette er den lågaste veksten vi har sett i fjerde kvartal dei siste ti åra. Ved inngangen til 2021 budde det 38 664 personar i Øygarden kommune.