35,8 millionar i utbytte frå Eviny
Øygarden kommune får eit utbytte på 35,8 millionar kroner frå energiselskapet Eviny i 2025. Øygarden kommune eig 3,43 prosent av selskapet, og i kommunebudsjettet for dette året er det lagt inn 34 millionar kroner i utbytte *.
Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik og styreleiar Karl Erik Kjelstad i EvinyStyret i Eviny har innstilt på å gje 1 046 millionar kroner utbytte frå eigarane. Innstillinga vert behandla på generalforsamlinga 28. mai.
Det underliggjande resultatet for Eviny i 2024 er 1 494 millionar kroner.
– Eviny leverer eit godt resultat i eit år der kraftprisane er tilbake på eit meir normalt nivå enn vi har sett dei to siste åra, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik i ei pressemelding frå Eviny.
70 prosent av overskotet går tilbake til eigarane som utbytte. Dei største eigarane i Eviny er Statkraft (43,44 prosent) og Bergen kommune (37,75 prosent).
*beløpet er endra frå 40 til 34 (29.03.)
Publisert 28.03.2025 10.41