3 nominerte kandidatar til Drømmestipendet

Her er dei nominerte kandidatane frå Øygarden.

F.v.: Isabel Ekeseth, Mads Møvik-Olsen, Steffen Breivik  - Klikk for stort bileteF.v.: Isabel Ekeseth, Mads Møvik-Olsen, Steffen Breivik F.v.: Emily Foss Morgan, Sigbjørn Berven, Steffen Breivik

 

Isabel Ekenes (dans): starta ei aktiv karriere i diverse aktiviteter på Sotra; både turn, taekwondo og handball. Ho har lange studier bak seg, både frå Bergen dansesenter, Langhaugen vidaregåande skule og har delteke på fleire talentprogram. Isabel er for tida student ved Universitetet i Stavanger, og har via dette studiet eit opphald ved Escola Superior de Dança i Portugal.

Draumen hennar er å kunna fordjupa seg videre i dansefaget, reisa på opptaksprøver, samlingar og workshops i både Inn – og Utland.

Mads Møvik-Olsen (musikk): Starta med piano, mellom anna i kulturskulen, men har etter kvart konvertert til slagverk, først og fremst innanfor Jazz, og har både musikklinje og eit år på Toneheim folkehøgskole på Hamar i bagasjen. Mads studerer også ved Universitetet i Stavanger.

Draumen hans er å dra til Jazzens vugge, New Orleans, for videre fordjupning i sjangeren, til både inspirasjon og nytte.

Steffen Breivik (open klasse): Har ei stor interesse for film og skodespel, og har med seg fordjupning i medier og kommunikasjon frå vidaregåande skule, i tillegg til filmarbeid frå Danvik folkehøgskole i Drammen. Han har elles jobba i ein del studentproduksjonar og reklamefilm, og frilansar innan film i tillegg til eit års praksis som journalist. Steffen er busett i Øygarden.

Draumen hans er å jobba meir med større roller i filmbransen, i tillegg til produksjon.

 

Dei tre nominerte søknadene går no til vurdering hos ein nasjonal jury. 

2. februar 2026 får vi vita om ein eller fleire av desse vert tildelt Drømmestipendet.

Lurer du på kva Drømmestipendet er, kan du lesa meir om dette her.

Kanskje dette er noko for deg?

 

Vi ønskjer Isabel, Mads og Steffen lykke til i hovudnominasjonen, og med dei neste stega i karrieren!