Frå venstre; Jan Eide, Anabelle Steinsland Whitfield, Silje Ulveseth, Anita Garlid Johannessen, Frida Selvik, Benjamin Jakobsen (stortingsrepresentant) og fylkesvaraordførar Stian Davies.Øygarden kommune var representert ved fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen som heldt appell og la ned blomekrans. Kommunestyremedlem og nestleiar i Øygarden Arbeidarparti, Silje Ulveseth, leia arrangementet og la ned krans under markeringa.
Om lag 20 personar møtte opp på markeringa ved Stranda skule. Det var song ved Anabelle Steinsland Whitfield, akkompagnert av Jan Eide. Dei framførte Til ungdommen (Nordahl Grieg) og Imagine (John Lennon).
Frida Selvik talte på markeringa.Det var den 22. juli 2011 at regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya vart utsette for to store terrorangrep. 77 personar mista livet i angrepa. 69 av dei drepne deltok på sommarleiren på Utøya.
Ein av dei som mista livet var Monica Iselin Didriksen frå tidlegare Sund.
Målretta angrep mot sosialdemokratiet
Frida Selvik sa i talen at 22. juli var inga tilfeldigheit. Det var ikkje tilfeldig at bomba gjekk av på Einar Gerhardsens plass.
- Det var ikkje ei tilfeldig regjering menneske vart drepne på jobb for. Det var ikkje ein tilfeldig ungdomsorganisasjon som vart angripe. Terrorangrepet var eit målretta angrep mot sosialdemokratiet; mot solidaritet, rettferdighet og menneskeverd og mot samfunnet vi har bygd, verdiane vi kjempar for, og draumane våre for morgondagen, sa AUF-leiaren.
Silje Ulveseth la ned krans på vegner av Arbeidarpartiet i Øygarden.I talen minna ho Monica Didriksen som mista livet. Ho var 18 år gamal og er skildra som varm og omtenksam.
- Dette viste ho til alle menneska rundt seg. Monica var ikkje redd for å seia frå om urett både i kvardagen og i dei store debattane. Ho hadde enormt engasjement for kampen mot framandfrykt og rasisme, og stod ofte opp for andre rundt seg.
Selvik understreka at vi ber alle ansvaret for at minnet om Monica og alle dei som vart drepne på Utøya, lever vidare, at tinga dei trudde på og kjempa for, ikkje forsvinn.
- Frykta og hatet skal aldri vinna over håpet og kjærleiken, sa Frida Selvik.
Jan Eide og Anabelle Steinsland WhitfieldFungerande ordførar Anita Garlid Johannessen sa at det var heit uverkeleg å sjå bilete frå regjeringsbygget som var bomba og båten som plukka opp livredde ungdomar frå sjøen.
- Vi fekk høyra om fortvila pårørande som ringde sine kjære igjen og igjen, utan å få svar. Vi fekk også sjå kor folk strøymde til for å hjelpa, med båtar, pledd, husvære mat og kaffi. Heile samfunnet stilte opp for å bidra så godt dei kunne, sa Johannessen.

I talen spurde ho korleis ein kan hata menneske så sterkt at dei vil bruka vald i staden for ord. Ho viste til at dagane etter angrepa samla befolkninga i Noreg seg. Det vart danna rosetog, frå nord til sør, får aust til vest.
- Vi ville visa at vi ikkje let hatet styra, vi ville visa samhald og nærleik. I staden for at vi let frykta ta overhand, let vi kjærleiken spreia seg. Sund kommune mista ein av sine, Monica Iselin Didriksen, og i dag går tankane våre til hennar familie og til alle de andre som mista ein av sine kjære, sa fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen.
Red.: Vigleik Brekke
Foto: Silje Ulveseth, Anita Garlid Johannnessen og privat