Det vart kake på frivillige sundag kveld.Det er så langt registrert 90 505 kroner i kontanter. I fjor kom det inn 206 tusen kroner i setlar og myntar.
Det har vore vanskeleg å skaffa no bøsseberarar dette året.
- I år hadde vi under halvparten så mange bøsseberarar som i fjor. Men dei som gjekk rundt med bøsser på sundag, gjev gode tilbakemeldingar. Dei vart vel tekne imot. Vi godt fornøgde med at det var 1 200 kroner i gjennomsnitt i kvar bøsse som kom inn, seier rådgjevar i kultur i Øygarden kommune, Julia Valeska Woehlert.
Sparebanken Norge er opptellingsbank for TV-aksjonen. Banksjef Camilla Nygård var på plass under tellinga av kontanter sundag kveld.
- Det var god stemning, og det var kjekt å sjå at det var mange barn saman med vaksne som gjekk rundt med bøsser, seier Nygård.
Det største enkeltbidraget på 10-på topp-lista er Foldnes skule «Sammen åpner vi dører» med 62 838 kroner. Under aksjonen retta mot næringslivet på fredag, kom det fredag inn opp mot 300 tusen kroner.
I år går inntektene til Atlas-alliansen og skal opna dørar for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Pengane skal gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp og hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar. Aksjonen skal gje 200 tusen menneske med funksjonsnedsetjingar og deira familiar eit betre liv.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat