Meistring av depresjon, stress og belastning

Kurset viser korleis du kan ved hjelp av kognitive teknikkar, bli meir merksam på korleis tankar, kjensler, handlingar og åtferd gjensidig påverka kvarandre. Kurset går over fem kursdagar, à to timar per veke. 

Ill. Meistring av depresjon, stress og belastning - Klikk for stort bilete

 

Dato
28. august 2024
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Aktiv 365 på Skjenet 7, Straume

Målgruppe

Dette er eit lågterskeltilbodet for innbyggjarane i Øygarden kommune og  passe godt for personar med lettare til moderate psykiske vanskar knyta opp mot depressive symptom, stresskjensle, eller ei oppleving av ein belastande kvardag.

Før kurset blir du inviterer vi deg til ein videosamtale for å konkretisere kva du ynskjer å få ut av kurset, i tillegg til at du kan få sjå korleis videoplattforma fungerer og spørje eventuelle spørsmål du måtte ha.

Kursdagar hausten 2024

Stad: Skjenet 10, 5354 Straume (Aksell)
Tid: kl. 13.00 - 15.00

  1. Onsdag 28. august| Tema: Om depresjon og meistring av depresjon
  2. Onsdag 4. september | Tema: Stress, stressmeistring og grensesetting
  3. Onsdag 11. september | Tema: Følelsar og sjølvhevding 
  4. Onsdag 18. september | Tema: Energitjuvar og sjølvkritikk
  5. Onsdag 25. september | Tema: Grubling og bekymring, førebygge tilbakefall og vegen vidare

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

Meld deg på kurset her

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Evaluering av kurs

Her finn du evaluering av kurs i mestring av depresjon, stress og belastning