Utsett skulestart

Du kan søkje om utsett skulestart for ditt barn. Det betyr skulestart det året barnet fyller sju år. Barnet ditt har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er tvil om at barnet har kome tilstrekkelig langt i utviklinga si til å starte på skulen.

Søknadsprosessen

Kontakt pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i kommunen, dersom du ønskjer å få vurdert om barnet ditt bør utsette skulestart eller om det er modent nok til å ta til på skolen eit år for tidleg. Når du har motteke ei sakkunnig vurdering frå PPT, kan du sende ein grunngjeven søknad til rektor ved nærskulen (den skulen barnet skal ta til på). Husk å leggje ved PPT si vurdering i søknaden.

Søknad med vedlegg skal sendast til:
Øygarden kommune
v/ rektor Xxxxxx skule
Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Saksbehandling

Rektor skal skaffe nødvendige opplysningar for å kunne avgjøre saken. Deretter vert det fatta eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samtidig med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom det er grunn til å tru at du blir misfornøgd med avgjersla. Om grunngjevinga ikkje føl med vedtaket kan du ta kontakt med skulen før klagefristen går ut.

Rektor skal handsama søknaden så snart som mogleg. Om dei ikkje kan avgjere saken innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få vite når det er antatt at det blir tatt ei avgjersle.

Klage

Er du misfornøgd med avgjersla kan du klage til rektor innan tre veker frå du mottek vedtaket. I klagen skal du forklare kva du er misfornøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør bli endra. Kommunen kan veileda deg.

Dersom kommunen opprettheld si avgjersle blir saken sendt til Statsforvaltaren i Vestland. Der blir endelig vedtak fatta.