Tidlegare skulestart

Føresette kan og søkje om tidlegare skulestart. For å få tidlegare skulestart må barnet ha fylt fem år før 1. april. Det må i tillegg føreligge ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), og eit skriftleg samtykke frå foreldra.

Foreldre må sjølv ta kontakt med PPT  be om sakkunnig uttale. I tillegg kan dei be om uttale frå andre sakkunnige som eit tillegg til PPT si vurdering. Dette må foreldra betale sjølv.

Søknadsprosessen

Kontakt pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i kommunen, dersom du ønskjer å få vurdert om barnet ditt bør utsette skulestart eller om det er modent nok til å ta til på skolen eit år for tidleg. Når du har motteke ei sakkunnig vurdering frå PPT, kan du sende ein grunngjeven søknad til Kommunalsjefen for oppvekst. Husk å leggje ved PPT si vurdering i søknaden.

Søknad med vedlegg skal sendast til:
Øygarden kommune - kommunalsjef for Oppvekst
Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Saksbehandling

Kommunen skal skaffe nødvendige opplysningar for å kunne avgjøre saken. Deretter vert det fatta eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samtidig med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom det er grunn til å tru at du blir misfornøgd med avgjersla. Om grunngjevinga ikkje føl med vedtaket kan du ta kontakt med skulen før klagefristen går ut.

Kommunen skal handsama søknaden så snart som mogleg. Om dei ikkje kan avgjere saken innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få vite når det er antatt at det blir tatt en avgjersle.

Klage

Er du misfornøgd med avgjersla kan du klage til kommunen innan tre veker frå du mottek vedtaket. I klagen skal du forklare kva du er misfornøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør bli endra. Kommunen kan veileda deg.

Dersom kommunen opprettheld si avgjersle blir saken sendt til Statsforvaltaren i Vestland. Der blir endelig vedtak fatta.