Foreldre må sjølv ta kontakt med PPR og be om sakkunnig uttale. I tillegg kan dei be om uttale frå andre sakkunnige som eit tillegg til PPR si vurdering. Dette må foreldra betala sjølv.
Søknadsprosessen
Kontakt pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i kommunen, dersom du ønskjer å få vurdert om barnet ditt bør utsetta skulestart eller om det er modent nok til å ta til på skulen eit år for tidleg. Når du har motteke ei sakkunnig vurdering frå PPR, kan du senda ein grunngjeven søknad til Kommunalsjefen for oppvekst. Husk å leggja ved PRT si vurdering i søknaden.
Søknad med vedlegg skal sendast til:
Øygarden kommune - kommunalsjef for Oppvekst
Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Saksbehandling
Kommunen skal skaffa nødvendige opplysningar for å kunna avgjera saka. Deretter vert det fatta eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samtidig med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom det er grunn til å tru at du blir misfornøgd med avgjersla. Om grunngjevinga ikkje føl med vedtaket kan du ta kontakt med skulen før klagefristen går ut.
Kommunen skal handsama søknaden så snart som mogleg. Om dei ikkje kan avgjera saken innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få vita når det er antatt at det blir tatt ei avgjerd.
Klage
Er du misfornøgd med avgjersla kan du klaga til kommunen innan tre veker frå du mottek vedtaket. I klaga skal du forklare kva du er misfornøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør bli endra. Kommunen kan rettleia deg.
Dersom kommunen opprettheld si avgjersle blir saken sendt til Statsforvaltaren i Vestland. Der blir endeleg vedtak fatta.
Lovar og reglar