Kven kan få tilbodet?
Spesialavdelinga gjeld for barn med:
- ulik grad av psykisk utviklingshemming
- autisme
- multifunksjonshemming
Gjeld elevar der PPT som sakkyndig instans har slått fast at eleven har rett på individuell tilrettelegging.
Kva kan du få hjelp til?
Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling. Bygget er tilrettelagt for å kunne ta i mot elevar med særskilte behov, også dei multifunksjonshemma som ofte har svært krevjande byggmessige/utstyrsmessige og personalmessige behov.
Avdelinga kan ta imot inntil 12 elevar, alt etter kor krevjande og omfattande behov desse har.
Avdelinga tar elevar frå alle barneskular i Øygarden kommune. Dei fleste elevane i spesialavdelinga går frå 1. klasse og ut 7. klasse. Nærskulen vert alltid vurdert først for nye 1. klassingar.
Samarbeid mellom føresette, barnehage, PPT og skule må sikra at nærskulen og spesialavdeling tidleg veit noko om behovet når elevane kjem i skulealder.
Slik søkjer du
Søk om plass i spesialavdelinga ved Hjelteryggen skule (PDF, 205 kB)
Utfylt og signert skjema sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Søknadsfrist
31. januar.
Kva skjer vidare?
Søknaden vert vurdet i eit opptaksmøte i løpet av februar.
Klage
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eleven sine føresette har difor klagerett. Klagefristen går ut – 3 – veker etter at brevet om vedtak er motteke.
Eventuell klage sendast Kommunalsjefen for oppvekst i Øygarden kommune. Dersom klagen ikkje vert teke til følgje vert klagen vidaresendt til Statsforvaltaren i Vestland.
Lover og reglar
Opplæringslova Kapittel 8. Organisering av undervisninga § 8-1