Vi har 15 skulekrinsar i kommunen vår. Her finn du oversikt over krinsane, og korleis du kan finna dei i kartløysinga til kommunen.
Oversikt over skulekrinsar
Skulekrinsar i kommunekart
Sjå kartet nedanfor eller opne kart i nytt vindauge/fane.
Tips! Finn skule
- Vel Skular i kartlag til høgre.
- Firkanta markørar er skular (og rundingar er barnehagar).
- Forklaring på fargane finn du i Meny oppe til venstre og vel Tegnforklaring.
- Du må zooma langt inn for å få opp info når du trykker på ein farga markør.
Tips! Korleis finn du skulekrins i kartet
- Klikk på Kartlag oppe til venstre i kartløysinga, det opnar oversikt over tilgjengelege kartlag
- Kryss av i ruta for Krinsar, og Skulekrinsar, dette kartlaget er då aktivt/synleg i kartet. Dersom du ikkje ser noko, prøv å zoom ut eller inn.
- Skulekrinsane vert vist her med blå linjer.
- Trykk i kartet for å henta opp meir informasjon om den aktuelle krinsen. Den svarte markøren viser der du har trykt i kartet, og på høgre side får du opp Kartlagsinfo, her ser du skulekrinsnummer og skulekrinsnamn.
- «Vis i kart» vil markera den valgte krinsen tydelegare.
- Vil du visa skulekrins for ein bestemt stad i kommunen, kan du zooma inn på staden eller søka på for eksempel adresse i søkefeltet øvst i kartet, og deretter trykka i kartet for å få opp Kartlagsinformasjonen.
Sist endra 15.05.2025 13.42