Kommunen krev ikkje at du har formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje opplæringslova. Du melder skriftleg ifrå til kommunen gjennom nærskulen, eller meldeskjema …. dersom du skal starte med privat grunnskoleopplæring i heimen.
Kommunen har ikkje plikt til å halde barna med lærebøker eller anna undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Foreldre har heller ikkje rett på økonomisk kompensasjon frå kommunen dersom dei underviser eigne barn heime.
Kommunen kontrollerer opplæringen til barn og unge som ikke går på skole. Kommunen gjennomfører tilsyn og når kommunen får melding om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til. Kommunen følgjer opp at barnet får god nok opplæring, og kan derfor be om at barnet tek prøver ved gjennomføring av tilsyn for å vise dette. Dersom det viser seg at heimeundervisninga ikkje oppfyller krava i lova, må barnet byrje på skulen igjen, og det er nærskulen i kommunen som tek imot barnet som elev.
Privat grunnskoleopplæring i heimen må vere åtskild frå skoleverksemd. Skal du undervisa andre barn enn dine eigne, må Kunnskapsdepartementet godkjenne drifta av skolen. Barn som vert underviste heime, kan ikkje få individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare kalla spesialundervisning) eller individuell vurdering (karakterar).
Dersom tilsyn avdekkjer at opplæringa i heimen ikkje er i samsvar med krava til opplæringa i opplæringslova § 22-5, og dermed ikkje lovleg, skal kommunen gjere enkeltvedtak om at barnet skal få grunnskoleopplæring på ein skule. Foreldra kan klage på kommunevedtaket til statsforvaltaren. Dette følgjer av opplæringslova § 29-1.
Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Kravet om tilsvarande opplæring er oppfylt for dei som har fullført grunnskolen gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen. Ein som har fått privat grunnskoleopplæring i heimen, kan derfor ikkje ta eksamen i fag på 10. trinn for å få karakterar og vitnemål. Kommunen skal i staden utarbeide dokumentasjon om at ungdommen har fullført grunnskolen gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen. Dokumentasjonen kan leggjast ved søknaden om inntak til vidaregåande opplæring.
Opplæringsplikt i grunnskolen
Barn har plikt til grunnskoleopplæring etter § 2-2. Foreldre er ansvarlege for at opplæringsplikta til eleven blir oppfylt. Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skole, ein privatskole som er godkjend etter opplæringslova § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen etter § 22-5.
Foreldre som vel å gi barnet sitt privat grunnskoleopplæring i heimen, kan ikkje krevje at denne opplæringa blir kombinert med dei andre alternativa som er nemnde ovanfor. Foreldre som vel å gi barnet sitt privat grunnskoleopplæring i heimen, må kontakte kommunen. Opplæringa skal som hovudregel skje i heimen til barnet, det vil seie på folkeregistrert adresse eller i nærområdet, uavhengig av om barnet har delt bustad. Det er likevel mogleg å gi delar av opplæringa andre stader, som på hytta eller eit bibliotek, men ho skal hovudsakleg skje i heimen til barnet.
Opplæringa skal vera i samsvar med formålet med opplæringa i § 1-3 og vera i samsvar med læreplanar for fag, § 1-4 andre ledd. Opplæringa skal følgje fag- og timefordelinga, § 1-6 første ledd . Opplæringa skal ikkje vere i strid med forbodet mot forkynning i § 14-5. Opplæringa skal oppfylle krava til korleis opplæringa om kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp etter § 14-7 Jmf Opplæringslova §22-5.
Lovverk og rundskriv
Kva betyr dette i praksis
Når du vel å undervise barnet ditt heime, gjeld ikkje alle reglane som elles gjeld i den offentlege skolen:
- Ingen karakterar eller eksamen: Det er ikkje krav om vurdering undervegs, sluttvurdering (karakterar) eller eksamen i faga.
- Ikkje vitnemål etter 10 – års skulegang
- Ingen krav til utdanning: Som forelder treng du ikkje å ha lærarutdanning eller annan formell kompetanse (opplæringslova kapittel 17)
- Du må tilpasse undervisninga sjølv: Sjølv om lova sitt krav om tilpassa opplæring ikkje gjeld, forventar kommunen at du legg opp undervisninga slik at barnet får best mogleg utbytte.
- Ikkje rett til spesialundervisning: Barn med heimeundervisning har ikkje rett til individuelt tilrettelagt opplæring, personleg assistanse, fysisk tilrettelegging, særskild språkopplæring eller teiknspråkopplæring. (opplæringslova § 11-1)
- Du må dekkje utgifter sjølv: Du har ikkje krav på å få dekt utgifter til lærebøker eller anna utstyr, sjølv om nokre kommunar kan velje å støtte dette frivillig.
Innmelding av barn som får eller skal få privat grunnskuleopplæring i heimen
Om de har sendt melding om privat grunnskoleopplæring til skulen, tek skulen kontakt med skulekontoret med namn på elev.
- Meldinga skal innehalde opplysningar om
- Namnet til barnet
- Folkeregistrert adresse
- Kven av foreldra som skal gje opplæringa
- Når opplærings skal starte
- Reglane i Barnelova gjeld for spørsmål om og når det er nødvendig med samtykke frå begge foreldra.
Om du sender melding til skulekontoret via meldeskjemaet under om at de skal ha privat grunnskuleopplæring i heimen, vil skulekontoret informera nærskulen om dette.
Meldeskjema om privat grunnskuleopplæring i heimen
Barn som har fylt 15 år kan sjølv avgjere val av utdanning, og privat heimeundervisning kan berre gjennomførast med samtykke frå barnet. Last ned samtykkjemalen for å sjå kva samtykket må innehalda (PDF, 218 kB). Du kan nytta malen eller skriva eit eige samtykke. Samtykket må vere signert av barnet og leggjast ved meldeskjemaet.
Avslutning av Privat grunnskuleopplæring i heimen
Når den privat grunnskuleopplæringa skal avsluttast og barnet skal tilbake på nærskulen eller annan skule, skal skulen v/rektor saman med tilsynslærar, skulekontoret og elev og føresette legge til rette for ein god overgang.
Skulehelseteneste
Elevar på heimeskule har rett på det same tilbodet frå skulehelsetenesta som elevar på vanleg skule. Når det vert sendt stadfesting på privat grunnskoleopplæring i heimen, går det melding til Skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta skal då gi tilbod til eleven og familien. Oppfølginga kan skje i lokala til skolehelsetenesta ved nærskulen, på heimebesøk, eller helsestasjon.
Tilsyn og tilsynslærar sine oppgåver
- Tilsynslærar skal sikre at barnet får retten til grunnskuleopplæring oppfylt. Det første tilsynet skal skje innan tre månader etter at den private grunnskuleopplæringa i heimen har starta.
- Tilsynet skal som regel skje på den folkeregistrerte adressa til barnet, men ein kan legge til rette for at tilsynet kan skje på bibliotek i kommunen eller andre egna lokale ved behov.
- Tilsynet skal vere ofte nok til at kommunen kan vurdere om barnet får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og at opplæringa som blir gitt, oppfyller krava i lova.
- I samband med tilsynet kan kommunen legge til rette for at barnet gjennomfører prøver. Med «prøver» blir det ikkje sikta til ein eksamen i grunnskolen, men andre former for prøver som kan gi kommunen relevant informasjon om den private opplæringa som blir gitt i heimen, som ledd i tilsynet.
- Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle sider av eit tilsyn, inkludert ved planlegging og gjennomføring av tilsyn og val av tilsynsperson. Barnet skal få høve til å seie meininga si.
- Tilsynslærar skriv rapport etter tilsyn. Foreldre og skulekontoret skal ha kopi av rapporten.
- Dersom tilsyn avdekker at opplæringa i heimen ikkje er i samsvar med krava til opplæring i Opplæringslova § 22-5, og dermed ikkje lovleg, skal kommunen gjere enkeltvedtak om at barnet skal få grunnskuleopplæring på ein skule. Dette gjeld og i dei tilfella der det ikkje er mogeleg å føre tilsyn på grunn av manglande samarbeid frå foreldra. Foreldra kan klage på enkeltvedtaket til Statsforvaltaren (Opplæringslova §29-1)
Les meir om tilsyn på nettsida til Norsk hjemmeundervisningsforbund.