Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

PPT

Kva tilbyr vi?

Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) gjev barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing i heim, barnehage og skule. 

PPT utgreiar og gjev råd om behova til barn for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning (0 -16 år). PPT er også sakkyndig for vaksne med behov for spesialundervisning på området for grunnskulen. 

Tilsette i PP-tjenesta har teieplikt. 

Korleis få tilbodet?

Om du som føresett eller elev treng hjelp, kan du venda deg direkte til kontoret vårt eller gjennom barnehagen eller skulen. Fyll ut tilvisingsskjema. Skjemaet vert sendt inn til postmottaket vårt og vidare til PPT. 

For barnehagar og skuler

PPT kan gje råd og rettleiing til barnehagar og skuler om barn som ikkje er tilvist til oss, etter at føresette har samtykt til det. 

Barnehager kan også ta kontakt med PPT sitt barnehageteam, hvis føresette har samtykt til det. 

Skulane kan venda seg direkte til kontaktperson sin i PPT. 

Informasjon om spesialundervisning på fleire språk

Adresse

Skjenet 2,
5354 Straume