- Etter at mobbing eller krenkingar er stoppa er det viktig å følgje opp dei som var involvert. Oppfølginga kan vere naudsynt i lang tid, ofte lengre enn du trur!
- Helsesøster kan tilby samtalar til føresette og barn i etterkant av mobbing.
- Støtt barnet i å våge seg ut på arenaer som tidlegare har vært vanskeleg, dersom det vegrar seg.
- Dersom vegringsadferd blir for omfattande og påverkar kvardagen i stor grad kan ein kontakte støtteapparat for råd og hjelp.
- Spør korleis barnet har det og lytt til det dei fortel. Balanser så ikkje alle samtaler med barnet handlar om det som har skjedd, det må vere rom for anna og.
- Foreldre til dei som utøver mobbing må støtte barnet i sitt forsøk på å endre åtferd, og hjelpe ved eventuelle tilbakefall.
Publisert 23.03.2021 11.17