Smart mat

Gode matvanar blir lagt tidleg, og dei matvanar som barna lærer heime vil dei ta med seg vidare inn i ungdomsåra og vaksenlivet. 

Ill. Pixabay - Klikk for stort bilete

Barn og unge treng jamn tilførsel av energi og næringsstoff for å veksa og utvikla seg. Vi kan tenka at kroppen er som ein motor som treng bensin for å fungera. Maten er som drivstoff for kroppen. Når vi et mat vil det gi oss krefter slik at kroppen fungerer som den skal. 

Smart mat gir meir energi, betre humør og styrkar immunforsvaret. Smart mat inneber mellom anna eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt, magert kjøt og meieriprodukt, mjuk margarin, og vatn som tørstedrikk.

Mindre smart mat er mat med lite næring og/eller mykje sukker. Dersom barn får i seg slik mat, eller for lite mat, kan dei få lågt eller ustabilt blodsukker. Dette kan gjera barnet trøytt og ukonsentrert. Humøret kan bli påverka, barnet blir raskt svolten igjen og får mindre energi og overskot i kvardagen.

Ein smart frukost og ei næringsrik matpakke held barnet mett lenger. Det gir betre konsentrasjon og hukommelse, og meir energi til skulen og andre aktivitetar i kvardagen.

Barn er avhengige av gode vaksne som planlegg og legg til rette for eit variert og godt kosthald.

Tiltak i Helsefremmande skule-satsinga knytt til tema smart mat

Kjelder og nyttige lenkjer