Forsking viser at barn som er fysisk aktive har større sjanse for å vera motivert, fokusert og lykkast betre i skulen (1). Fysisk aktivitet gir ei rekke helsefordelar.

I tillegg til å ha positiv innverknad fysisk og motorisk, kan fysisk aktivitet fremja konsentrasjon, læring, meistring og sosial utvikling. Vidare har fysisk aktivitet positiv innverknad på humør og livskvalitet, og kan bidra til å redusera stress, samt gi betre søvn. Fysisk meistring gir òg betre sjølvtillit, uansett alder (2, 3).
Aktivitetsnivået blant skulebarn går generelt ned. Difor er det viktig at vi vaksne hjelper barna med å få gode og positive vanar for aktivitet.Helsedirektoratet tilrår at barn er fysisk aktive i minst 60 minutt kvar dag. Ein del av denne tida bør dei ha høg puls. Barn treng aktivitet både i skuletida og på fritida (4).
Tiltak i Helsefremmande skule-satsinga knytt til tema fysisk aktivitet:
Brosjyren (PDF, 4 MB) har fokus på positive effektar av fysisk aktivitet, korleis oppnå gode vanar rundt aktivitet, og konkrete forslag til korleis auka aktivitetsnivået. Skulen sender ut brosjyren i Vigilo til føresette årleg.
- Formålet med fokusveka er å auke aktivitetsnivået til elevane, gje bevegelsesglede og kunnskap om fordelane med fysisk aktivitet.
- I fokusveka ønskjer vi at elevane skal vere mest mogleg aktive, og at det er eit særleg fokus på å inkludere fysisk aktiv læring i undervisninga, samt fokus på organisert aktivitet i friminutt og SFO. I fokusveka tilrår vi også å oppfordre føresette og elevar til aktiv skuleveg for dei som har høve til dette.
Ava og Orberto er maskotane til Helsefremmande skule. For å sikra ein raud tråd gjennom skuleåret kjem, maskotane Ava og Orberto med påminning på vekeplanen ca. ein gong i månaden om tema knytt til smart mat og fysisk aktivitet.

- Fysisk aktiv læring (FAL) handlar om å integrera bevegelse i undervisninga. Det er eit pedagogisk metodeval der læraren legg til rette for at elevane jobbar med undervisningsoppgåver samtidig som dei er i fysisk aktivitet. Målet er å skapa bevegelse i undervisningsøkter.
- Les meir om fysisk aktiv læring her: Fysisk aktivitet i undervisningen - MHFA
Aktivitetspausar er kortvarige, aktive pausar med aktivitet i klasserommet. Avbrekka kan betra læringssituasjonen og gje elevane ein pause frå stillesittande aktivitet.
- SFO skal vera ein arena som legg til rette for fysisk aktivitet som kan fremja bevegelsesgleda og motorisk utvikling til elevane. Organisert fysisk aktivitet kan vere eit godt hjelpemiddel for å inkludere alle elevane i fysisk aktivitet, også dei som fell utanfor barnestyrt leik.
- For meir info om fysisk aktivitet i friminutt og SFO, sjå video her: Fysisk aktivitet og bevegelsesglede - MHFA.
Kjelder og nyttige lenkjer
(1) Kunnskapssenter for utdanning: Hvordan fysisk aktivitet i skolen kan fremme elevers helse, læringsmiljø og læringsutbytte
(2) Barn og fysisk aktivitet - en gave for livet
(3) Helse norge: Hva fysisk aktivitet gjør med kroppen
(4) Nasjonale faglege råd om fysisk aktivitet i forebygging og behandling
(5) Kostverktøyet - fysisk aktivitet
(6) Tips for å holde familien sunn og aktiv - NHI.no
(7) Sprekere elever - bedre hukommelse og oppmerksomhet - NHI.no
(8) Fysisk aktivitet og bevegelsesglede - MHFA
Sist endra 01.07.2026 14.15