1. Oppstart av heimeundervisning
Foreldra melder skriftleg frå til nærskulen til barnet at dei vil ta eleven ut av skulen og starta med heimeundervisning. Rektor melder frå til rådgjevar for kommunalsjef Oppvekst om at eleven får heimeundervisning.
Skulen sender ut eit svarbrev og inviterer foreldra til ein samtale. I samtalen vert det gitt informasjon om kommunen si plikt til å føra tilsyn. Det vert óg informert om at foreldre kan gjera om på valet, men at det er viktig at skulen vert varsla i god tid slik at skulen kan førebu seg til å ta imot barnet. Dette er særskilt viktig dersom barnet kan ha behov for spesialundervisning.
2. Tilsyn
Rektor oppnemner ein tilsynslærar som er tilsett på nærskulen til barnet. Tilsynslæraren skal ha god kjennskap til aldersgruppa barnet høyrer til, ha kjennskap til mål i læreplanen og kva som er forventa utvikling for aldersgruppa. Tilsynslæraren skal kunna vurdera arbeidet barnet gjer sett opp mot alder, og skal ved behov vurdera og gjennomføra eigna særskilte prøver. Tilsynet skal skje i samarbeid med foreldra.
Rektor og tilsynslærar utarbeider plan for tilsyn. Tilsyn skal skje ein til to gangar per termin. Utkast av planen for tilsyn vert å sende til foreldra for eventuelle innspel. For elevar som oppheld seg i utlandet i tre månadar eller mindre kan tilsyn skje via telefon og nettbaserte tenester, til dømes e-post og Teams.
Tilsynslærar gjennomfører tilsyn i høve planen. Tilsynet skal vurdera om barnet får tilsvarande og tilfredsstillande opplæring i høve § 2-13 i opplæringslova. Det inneber å sjå til at:
- Heimeundervisninga har ei viss grad av struktur
- Det er ei viss grad av plan i undervisninga
- At undervisninga omfattar dei mest sentrale emna for klassetrinnet i kjernefaga
- At vilkåra for heimeundervisning er til stades
Tilsynslærar har ikkje rettleiingsansvar. Dette er ikkje til hinder for at tilsynslærar på fritt grunnlag kan rettleia foreldra i deira arbeid med heimeundervisning.
Tilsynslærar utarbeider ein rapport etter kvart tilsynsbesøk der alle punkta som er nemnd ovanfor vert omtala. Dersom tilsynslærar og rektor er i tvil om heimeundervisninga er tilfredsstillande, kan rektoren kalla barnet inn til særskilte prøver. Rektor godkjenner rapporten og sender den til foreldra med kopi til rådgjevar for kommunalsjef Oppvekst.
3. Dersom heimeundervisninga ikkje er tilfredsstillande
Dersom tilsynslærar og rektor vurderer at opplæringa i heimen ikkje er i samsvar med den grunnskuleopplæringa som blir gitt i ordinære skular, skal kommunen v/rektor fatta eit enkeltvedtak som krev at barnet startar på skulen. Foreldra skal få høve til å uttala seg før vedtak vert fatta. Rådgjevar for kommunalsjef Oppvekst skal ha kopi av vedtaket. Dersom barnet ikkje møter på skulen, kan foreldra verta straffa med bøter, jf. opplæringslova § 2-1, siste ledd.
4. Registrering og oppfølging av rutinar for heimeundervisning
Alle elevar som mottek heimeundervisning vert registrert og informasjon vert sendt til rådgjevar for kommunalsjef Oppvekst. Ved oppstart av nytt skuleår sender rådgjevar ut førespurnad til skulane om dei har elevar som mottek heimeundervisning og om det vert ført tilsyn med desse. Dersom det vert avdekka at elevar som har heimeundervisning ikkje er registrert eller vert ført tilsyn med, vert det straks sett inn tiltak.