Digitale verktøy i skulen

FEIDE er identitetsløysinga til Utdanningsdirektoratet for sikker innlogging og datadeling i utdanning og forsking, og vert nytta i Øygarden kommune for tilgang til skuleressurser for elevar og skuletilsette.

Manglar du passord, eller får feilmelding på passord, ta kontakt med kontaktlæraren din. (Gjeld for elevar).

For elevar

Elevar som høyrer til Øygarden kommune kan få passordet sitt ved å henvenda seg til kontaktlæraren på sin skule. Dei vil kun gje passord til brukerkontoen sin eigar. Det same gjeld dersom eleven har gløymd passordet sitt og treng å få lagd eit nytt. Elevar må alltid hugsa å endra førstegangspassordet sitt.

For tilsette

Tilsette i skulane i Øygarden kan enten kontakta skulen sin IT-kontakt eller melda sak i Tilsettservice for å få resatt passord.

Dersom dette ikkje fungerer, kan du kontakta skulen sin IT-kontakt for å få satt nytt passord. Er du usikker på kven det er, ta kontakt med næraste leiaren din.