Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Alle kommunale grunnskular i Øygarden kommune skal ha eit arbeidsutval (Foreldrerådets arbeidsutval - FAU) som er velt av foreldrerådet på skulen. 

Alle foreldre som har barn på skulen, er automatisk med i foreldrerådet. FAU blir velt for å sikra at foreldra har ei stemme i skulen sitt arbeid og kan bidra til eit godt skulemiljø for elevane.

FAU vert sett saman av foreldrerepresentantar frå ulike klassar.

Arbeidsområde for FAU

FAU arbeider for eit godt samarbeid mellom heim og skule. FAU skal fremja foreldra/føresette sine interesser og medverka til at elevane og foreldra/føresette kan ta aktivt del i å skapa eit trygt og godt skulemiljø.

Nokre av dei viktigaste oppgåvene er:

  • Vera foreldra si stemme: FAU tek opp saker som er viktige for foreldra og elevane.
  • Bidra til eit trygt og godt skulemiljø: FAU jobbar for tiltak som styrkar trivsel, motverkar mobbing og legg til rette for eit godt læringsmiljø.
  • Arrangera sosiale tiltak: FAU kan organisera fellesarrangement som klassefestar, temakveldar, dugnader og andre sosiale aktivitetar.
  • Informera og involvera foreldre: FAU skal halde foreldra oppdaterte om saker som gjeld skulen, og oppmoda til engasjement.

FAU har rett til å uttala seg i alle saker som vedkjem skulen.

FAU er heimla i opplæringslova §11-4.  Du finn informasjon om dei einskilde FAU på skulane sine heimesider.

Retningsliner

Retningsliner for Foreldrerådets arbeidsutval