Satsing på sykkel
- Fjell kommune vedtok sin satsing som sykkelby i 2018.
- Sykkelbyen Straume har fokus på regionseneret Straume, og er eit 4-årig samarbeidsprosjekt mellom Fjell kommune, Hordaland Fylkeskommune og Statens vegvesen.
- Avtala har som mål å fremja sykkel som eit attraktivt, trygt og effektivt alternativ til personbil, samt å auka sykkelbruken på lang sikt.
Kvifor sykkelby?
- Regionsenteret Straume har eit stort potensiale i å auka sykkelbruken.
- Det er eit stort behov for planlegging og utbygging av sykkelvennleg infrastruktur.
- Vi ønskjer å gjøre det enklare å velje sykkel som framkomstmiddel ved å sikra eit tryggare, raskare og sikrare sykkelvegnett, fleire og meir sikre sykkelparkeringsanlegg, samt å utføre andre mindre og større tiltak.
Kva planar har Sykkelbyen Straume?
- Arrangere årlig vårkampanje der innbyggjarane kan få gratis vårservice
- Setje opp permanent sykkelteljar
- Utføre sykkelteljingar andre steder rundt regionsenteret
- Setje oppsykkelparkering, samt sykkeloverdekning
- Setje opp sykkel-service stasjonar
- Bidra i utviding av FV209 – gang og sykkelveg.
- Bidra til å markere sykkelfelt på andre aktuelle vegar – slik at gåande kan skiljast frå syklande.
- Kartlegge sykkeltrasear i regionsenteret Straume
Som ein del av byveksavtalen har Øygarden kommune blitt ein del av Miljøløftet
Sist endra 11.11.2020 11.14