Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Folkehelseoversikt

Første januar 2020 vart dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden slått saman til ein stor kommune med vel 38 500 innbyggjarar; (Nye) Øygarden kommune. Folkehelseoversikta for den nye kommunen vart utarbeida medan det framleis var tre kommunar. Dermed var det mogleg å avdekka geografiske skilnader og ulike forhold mellom dei tre kommunane.

Klikk for stort bileteFolkehelseoversikta vil også gi oss eit bilete på kva for problemstillingar som vil vera felles for heile den nye kommunen. Oversikta skal gi kommunen eit grunnlag til å prioritera viktige satsingsområde framover, og vil utgjera eit viktig kunnskapsgrunnlag i kommunen sin planstrategi.

Folkehelseoversikta viser at på mange område er det liknande utfordringar på tvers av dei tre tidlegare kommunane, men ofte ser ein at utfordringane er større i ein av dei tre tidlegare kommunane enn i dei andre to. Dette er viktig kunnskap for kommunen å ta med seg i planlegging av tenestene framover. 

Folkehelseoversikt 2019 (PDF, 5 MB)