Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Ågotnes

Ågotnes er eit viktig lokalsenter i Øygarden kommune, både som tettstad og sentrum og som regional-, nasjonal- og internasjonal næringsklynge. I 2018 vedtok i tillegg Bergen Havn AS å flytte godshamna frå Bergen til Ågotnes.

Tidlegare Fjell kommune har i lang tid satsa på å utvikle og styrka Ågotnes som ein attraktiv stad å bu og vera. Sentralt i dette arbeidet er kommunedelplan for Ågotnes (KDP), visjonsdokumentet «Visjon Ågotnes» og kvalitetsprgrammet «Kvalitetsprogram Ågotnes». Saman legg desse til rette for bustadbygging og sentrumsutvikling sentralt på Ågotnes, og har bidrege til å realisera prosjekt som tursi frå Kvernatunet til Naustvika, med badeplass i Kvernavatnet, og «Frihuset» ved skule- og friluftsområde.

Under følgjer utvida informasjon om KDP Ågotnes, «Visjon Ågotnes» og «Kvalitetsprogram Ågotnes».

Klikk for stort bilete

Kommunedelplan for Ågotnes 2013-2024 (KDP)

Planen er ein overodna plan og har som mål å utvikla og styrkja Ågotnes som lokalsentrum med tydeleg identitet og kvalitet, og som regional-, nasjonal- og internasjonal næringsklynge. Planen gjev føringar for framtidige trafikkløysingar på tre nivå: hovudveg, lokalveg og gang- og sykkelveg. 

Vidare set planen rammer for ei heilskapleg utvikling av sentrumsområdet slik at Ågotnes skal bli ein god og attraktiv møtestad. Natur-, kultur- og kystlandskapet på Ågotnes skal fremjast og leggast til rette for i detaljplanar og ved tiltak.

Plankart for KDP Ågotnes
Plandokument for KDP Ågotnes

Reguleringsplanar

Reguleringsplanar i område, som er vedteken eller under arbeid, finn de i kartløysinga til kommunen.

«Visjon Ågotnes»

Klikk for stort bileteVisjonsdokumentet «Visjon Ågotnes» er eit resultat frå ei breitt samansatt plansmie og innspel frå innbyggjarane på det digitale medverknadsverktøyet MyCity. Gjennom dette arbeidet fekk kommunen brei medverknad og godt kunnskapsgrunnlag for lokalt forankra samfunnsutvikling og planarbeid.

«Visjon Ågotnes» peikar ut dei viktigaste ressursane på Ågotnes og skisserar konkrete mål og tiltak for å ta ressursane i bruk. «Visjon Ågotnes» har ein «tiltaksdel» som seier kven som har hovudansvaret for å følgje opp dei ulike tiltaka, og kven dei kan samarbeide med for nå ønska mål.

Her kan du lesa «Visjon Ågotnes» (PDF, 2 MB)

Kvalitetsprogram Ågotnes

Klikk for stort bileteKvalitetsprogrammet «Kvalitetsprogram Ågotnes» definerer kvalitetstiltak som skal sikra lokal identitet og attraktivitet i den fysiske utviklinga av eit utvida sentrumsområde på Ågotnes.

Kvalitetsprogrammet skal fungera som eit stryringsverktøy for pågåande og framtidige reguleringsplanar, rekkefølgjekrav og gjennomføring av dei fysiske tiltaka.  

Kvalitetsprogrammet er forankra i kommunedelplanen for Ågotnes og byggjar vidare på arbeidet med «Visjon Ågotnes». Kvalitetsprogrammet legg også til grunn FNs berekraftsmål og Bergen Havn AS sitt mulighetsstudie om godshamn på Ågotnes.

Her kan du lesa «Kvalitetsprogram Ågotnes» (PDF, 6 MB)