Strategiplan for klima og energi skal følgja opp nasjonale og lokale føringar. FN sine berekraftmål er sentrale, i tillegg til klimalova og statlege planretningslinjer for klima og energi. Planen skal også konkretisera mål og overordna strategiar frå kommuneplanen sin samfunnsdel som til dømes seier at
- Øygarden er eit klima- og miljøvennleg samfunn
- Kommunen som organisasjon skal vera klimaansvarleg og miljøbevisst
- Øygarden skal vera eit berekraftig lågutsleppssamfunn og staden for gode naturopplevingar
Dette er ikkje mål kommunen kan nå åleine, heile samfunnet må dra i same retning.
Tema for planen
Oppstartssak med tematisk avgrensing og framdriftsplan vart behandla i plan- og miljøutvalet i mars 2025. Her vart følgjande tema inkludert i planen:
- Klimarekneskap for Øygardssamfunnet og den kommunale verksemda
- Klimaendringar og klimatilpassing
- Energiomstilling
- Klima- og miljøkrav ved offentlege anskaffingar
- Sirkulær økonomi
Arbeidet med å etablera kunnskap om dei ulike temaa har pågått gjennom 2025, og har blitt presentert fortløpande på heimesida til kommunen under fana Kunnskapsgrunnlag. På bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget har vi utarbeida framlegg til mål og strategiar for dei ulike temaa. Framlegg til Strategiplan for klima og energi 2026-2030 vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn hausten 2026.
Sist endra 11.08.2026 14.17