Tema og føringar

Strategiplan for klima og energi skal følgja opp nasjonale og lokale føringar. FN sine berekraftmål er sentrale, i tillegg til klimalova og statlege planretningslinjer for klima og energi. Planen skal også konkretisera mål og overordna strategiar frå kommuneplanen sin samfunnsdel som til dømes seier at 

  • Øygarden er eit klima- og miljøvennleg samfunn 
  • Kommunen som organisasjon skal vera klimaansvarleg og miljøbevisst
  • Øygarden skal vera eit berekraftig lågutsleppssamfunn og staden for gode naturopplevingar

Dette er ikkje mål kommunen kan nå åleine, heile samfunnet må dra i same retning.

Tema for planen

Oppstartssak med tematisk avgrensing og framdriftsplan vart behandla i plan- og miljøutvalet i mars 2025. 

  • Klimarekneskap for Øygardssamfunnet og den kommunale verksemda
  • Klimaendringar og klimatilpassing 
  • Energiomstilling 
  • Klima- og miljøkrav ved offentlege anskaffingar 
  • Sirkulær økonomi  

Arbeidet med å etablera kunnskap om dei ulike temaa har pågått gjennom 2025, og vil bli presentert fortløpande på heimesida til kommunen. På bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget vil vi utarbeida framlegg til mål og strategiar for dei ulike temaa.