Eit godt kunnskapsgrunnlag er viktig for å etablera mål og strategiar som gir kommunen retning i arbeidet sitt for klima- og energiomstilling. Kunnskapsgrunnlaget vi har utarbeida byggjer i stor grad på statistikk og informasjon frå ei rekkje aktørar. Dette omfattar mellom anna eigen organisasjon og leverandørar av tenester, Miljødirektoratet, NVE, BKK, Vestland fylkeskommune, Norsk klimaservicesenter og Kartverket/Geonorge.
På denne sida har vi publisert kunnskapsnotat og kartforteljingar for dei ulike plantema. Kunnskapsgrunnlaget er ikkje statisk og kan bli oppdatert og vidareutvikla.
Vi må ha kunnskap om klimagassutsleppa våre og utsleppskjelder for å målrette arbeidet med reduksjon av utslepp, både i Øygardssamfunnet og i kommunen si eiga verksemd. I kartforteljinga her ser vi nærare på dei geografiske direkte utsleppa i kommunen, nasjonale tiltak og kommunen sitt handlingsrom til å påverke. Utsleppsstatistikken er henta frå heimesida til Miljødirektoratet
Vi har også satt opp klimarekneskap for kommunen si eiga verksemd, og brote dette ned på til kvart kommunalsjefområde. Slik ser vi kva aktivitetar i drifta som genererer utslepp, og kan målrette innsatsen for reduksjon av utsleppa.
Heilt til slutt i kartforteljinga har vi teke inn Folkets fotavtrykk, ein interaktiv portal der du kan legge inn eigne forbrukstal og få fram ditt eige klimafotavtrykk. Lukke til!
Dokument
Kart
Korleis vert Øygarden råka av klimaendringar, og korleis kan vi gjere tilpassingar for å minimere risiko? Vi har samla kunnskap om korleis venta klimaendringar vil påverke Øygarden, og kva tilpassingsstrategiar vi kan nytte for å redusere konsekvensane av desse endringane.
Dokument
Kart
Energiproduksjon er sentral i klimakrisa verda står i, både som årsak (fossil energi) og løysing (fornybar energi). Øygarden har mykje kraftkrevjande industri som også er sentral i den grøne omstillinga. Ei omstilling som krev mykje kraft. Vi har sett på kraftproduksjon og kraftbehov, alternative energikjelder og behovet for å bruke rett energi til rett føremål.
Dokument
Kart
Det offentlege er ein stor innkjøpar, og tal frå SSB viser at offentleg sektor brukte 835 milliardar kronar til innkjøp i 2024. Kommunane har eit stort ansvar som samfunnsutviklarar. Vi kan bruka anbodskonkurransar som eit strategisk verkemiddel for å nå våre eigne mål, i tillegg til nasjonale og globale mål, mellom anna innan klima og miljø. I Notatet Klima- og miljøomsyn i offentlege anskaffingar har vi sett på regelverket, våre eigne innkjøp og korleis vi kan fremma klima og miljø i anbodskonkurransar.
Dokument
Berekraftig bruk av ressursar og sirkulær økonomi heng tett saman. Det handlar om korleis vi brukar ressursane frå jorda vår, korleis vi transporterar varer, og kva vi gjer med dei når vi ikkje lengre kan bruka dei.Samstundes er eit meir sirkulært forbruk avgjerande for å redusera klimagassutsleppa våre og ta vare på naturen. Sirkulær økonomi er dermed ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å nå klimamåla våre.
I kunnskapsnotatet om Sirkulær økonomi og forbruksmønster ser vi nærare på mellom anna kva sirkulær økonomi er, status for Noreg, ulike nasjonale verkemidlar og kva vi som kommune kan gjera.
Dokument
Kart
Sist endra 04.09.2026 13.05