Eit godt kunnskapsgrunnlag er viktig for å etablera mål og strategiar som gir kommunen retning i arbeidet sitt for klima- og energiomstilling. Her vil vi publisera rapportar og liknande så snart dei er klare.
Her kjem kunnskapsgrunnlag:
Vi må ha kunnskap om klimagassutsleppa våre og utsleppskjelder for å målrette arbeidet med reduksjon av utslepp, både i Øygardssamfunnet og i kommunen si eiga verksemd. I kartforteljinga her ser vi nærare på dei geografiske direkte utsleppa i kommunen, nasjonale tiltak og kommunen sitt handlingsrom til å påverke. Utsleppsstatistikken er henta frå heimesida til Miljødirektoratet. NB! Tal for 2024 vart lagt ut 29.01.26, og er ikkje innarbeida i notat og kartforteljing enda.
Vi har også satt opp klimarekneskap for kommunen si eiga verksemd, og brote dette ned på til kvart kommunalsjefområde. Slik ser vi kva aktivitetar i drifta som genererer utslepp, og kan målrette innsatsen for reduksjon av utsleppa.
Heilt til slutt i kartforteljinga har vi teke inn Folkets fotavtrykk, ein interaktiv portal der du kan legge inn eigne forbrukstal og få fram ditt eige klimafotavtrykk. Lukke til!
Dokument
Kart
Korleis vert Øygarden råka av klimaendringar, og korleis kan vi gjere tilpassingar for å minimere risiko? Vi har samla kunnskap om korleis venta klimaendringar vil påverke Øygarden, og kva tilpassingsstrategiar vi kan nytte for å redusere konsekvensane av desse endringane.
Dokument
Kart
Energiproduksjon er sentral i klimakrisa verda står i, både som årsak (fossil energi) og løysing (fornybar energi). Øygarden har mykje kraftkrevjande industri som også er sentral i den grøne omstillinga. Ei omstilling som krev mykje kraft. Vi har sett på kraftproduksjon og kraftbehov, alternative energikjelder og behovet for å bruke rett energi på til rett føremål.
Dokument
Kart
Sist endra 20.02.2026 09.04