Rong

Rong, er som eit av Øygarden kommune sine kommunedelsenter, eit prioritert område for utvikling og vekst. Dei siste åra har det vore arbeida aktivt med å legge til rette for utvikling av Rong som tettstad og senter.

Sentralt i dette arbeidet er kommunedelplan for Rongøy, områderegulering for Rong og framtidig områderegulering for Vikane. Planane legg til rette for vidare bustadbygging sentralt på Rong, men og gjort det mogleg å realisere prosjekt som Fjordparken, molo og Hjeltefjorden arena. Under følgjer utvida informasjon om planane.

Kommunedelplan Rongøy

Planen er ein overodna plan som legg til rette for bustad, sentrumsutvikling og infrastruktur.

Planen tek opp i seg moglegheiter for høg fortetting, både i Rong sentrum spesielt og på Rongøy generelt. Samtidig vert store område avsett til LNFR og ulike omsynssoner . Strandsona vert i lita grad råka. Dette gjer at både naturområde og sjøen/sjønære areal som ressurs for befolkninga, vert ivareteke.

For Rong sentrum vart det utarbeidd ein områdeplan for vidare utvikling og styrking av sentrum med fortetting og større utbygging. Arseta og Medarseta skal takast vare på og vera tilgjengeleg for allmenn bruk. Det vil også verta grønstruktur og gang- og sykkelveg internt i området. I Austmarka aust for fv. 561 er det foreslått eitt større bustadområde som skal binde Storevarden og Raudhammaren tettare på Rong sentrum med gangforbindelsar både langs sjø og i nytt bustadområde. Vest for fv. 561 vil det verta utbygging ved framtidig nytt kryss mot fv. 561. Strandsona skal ikkje byggast ut og skal vera tilgjengeleg for allmenn bruk.

Plankart for Rongøy
Plandokument for KDP Rongøy

Områderegulering Rong

Hovudføremålet med planen er fortetting og vidareutvikling av kommunesenteret på Rong. Området skal få tydlegare tettstadspreg med miljøgate og eit tettare utbygd sentrum. Rong skal vere eit servicesenter med eit mangfald av funksjonar og aktivitetar. Områdereguleringsplanen skal leggje til rette for stadutvikling som i større grad knyter seg mot sjøen og tilgrensande grøne kvalitetar.

Plankart for områderegulering Rong
Plandokument for områderegulering Rong

Oversikt over alle reguleringsplanar på Rongøy


Under arbeid

Digital visning av tre kommunale anlegg på Rong