Framtidsbiletet for Stovevatnet

Den nye riksvegen skal gå i tunell under Straume. Med massane frå denne tunellen skal Stovevatnet fyllast att, og hevast opp til omkringliggande terreng. Stovevatnet vert dermed eit nytt tilgjengeleg areal, som vert liggande i same høgde som dagens bussterminal og gjesteparkeringa ved rådhuset. Kommunen viser no fram to ulike forslag til korleis Stovevatnet kan utviklast, og kopla seg på resten av Straume sentrum. 

To arkitektteam har arbeidd fram to ulike forslag til framtidsbiletet for Straume, gjennom ein prosess vi kallar for parallelloppdrag. Eit parallelloppdrag resulterer ikkje i juridisk bindande planar, men idéar og døme på korleis eit område kan utvikle seg. For å koma til gjennomføring av tiltak som er foreslått i rapportane, krev det nye planprosessar med eigne vedtak.

Ut i frå forslaga til arkitektteama har ein vurderingskomité, satt saman av representantar frå blant anna kommunen, fylkeskommunen, næringslivet og råda i kommunen utarbeidd ein rapport med ti råd til Øygraden kommune. Desse 10 råda tek også utgangspunkt i innspel og medverknad frå prosessen. Rapporten og råda for vegen vidare blei behandla politisk, og sak og rapport kan du lesa her.  

Hefta som summerer opp arbeidet til arkitektane kan også sjåast her:

Oversiktsbilete av Stovevatnet på Straume - Klikk for stort bilete