Forslag til planstrategi 2024-2027

Planstrategien er eit viktig styringsdokument, der kommunen prioriterer planoppgåvene som skal gjennomførast i løpet av valperioden. Planstrategien skal vera vedtatt seinast eitt år etter at kommunestyret er konstituert. Kommunestyret vedtok i møte 22. februar 2024 å gjera forslag til planstrategi for Øygarden kommune offentleg tilgjengeleg i 30 dagar, jf. plan- og bygningslova §10-1. 

Framlegg til planstrategien kan du lesa her

I kommunestyret vart det fremma tilleggsforslag. Kommunestyret ber administrasjonen vurdere dei foreslåtte endringane fram til endeleg behandling i mai. Dei foreslåtte endringane følgjer høyringa. 

Vedtaket med tilleggsforslag kan du lesa her

Vedlegg til planstrategien

Framlegget til planstrategien bygger på eit kunnskapsgrunnlag med folkehelseoversikt, frå november 2023. Kunnskapsgrunnlaget fortel om status og utviklingstrekk for Øygarden kommune. Basert på kunnskapsgrunnlaget skal kommunen prioritera planoppgåver som bidrar til å løysa utfordringane. 

Kunnskapsgrunnlaget kan du lesa her

Øygarden 2040 er også eit viktig kunnskapsgrunnlag for planstrategien, og handlar om kommunen sitt investeringsbehov og driftskostnader i eit langsiktig perspektiv.  Øygarden 2040 kan du lesa om her.

Fram til ny planstrategi er vedteken er det planstrategien frå førre valperiode som gjeld. Gjeldande planstrategi finn du her