Om bustadsosial temaplan

Bustadsosial temaplan skal vera eit strategisk verktøy for det bustadsosiale arbeidet i kommunen, og har eit perspektiv på ti år. Planen vart vedteken i kommunestyret 21. juni 2023 (KS-sak 061/23).

Planen sitt føremål og satsingsområde 

Logo for Bustadsosial temaplan - Klikk for stort bilete

Planen skal gi retning for det bustadsosiale arbeidet i kommunen, og inneheld både langsiktige strategiar og konkrete oppdrag. 

Planen har fire temaområde: 

  • God samhandling handlar om å legga til rette for formalisert og strukturert samarbeid både internt i kommuneorganisasjonen, men også med eksterne aktørar.
  • God buoppfølging handlar om å legga til rette for å ivareta eige buforhald. 
  • Fleire skal ha høve til å eiga eigen bustad handlar mellom anna om korleis vi kan gjera fleire av innbyggarane som er i målgruppa for startlånordninga i stand til å nytta seg av dette tilbodet.
  • Prioriterte bustadtypar og nye buformer handlar om kva vi treng av tilrettelagte bustader dei neste åra basert på slik vi kjenner behovet i dag. Det handlar også om kva vi som kommune kan gjera for å legga til rette for varierte bustadtypar og nye buformer.

Planen kan du lesa her: