Bustadsosial temaplan skal vera eit strategisk verktøy for det bustadsosiale arbeidet i kommunen, og har eit perspektiv på ti år. Planen vart vedteken i kommunestyret 21. juni 2023 (KS-sak 061/23).
Planen sitt føremål og satsingsområde

Planen skal gi retning for det bustadsosiale arbeidet i kommunen, og inneheld både langsiktige strategiar og konkrete oppdrag.
Planen har fire temaområde:
- God samhandling handlar om å legga til rette for formalisert og strukturert samarbeid både internt i kommuneorganisasjonen, men også med eksterne aktørar.
- God buoppfølging handlar om å legga til rette for å ivareta eige buforhald.
- Fleire skal ha høve til å eiga eigen bustad handlar mellom anna om korleis vi kan gjera fleire av innbyggarane som er i målgruppa for startlånordninga i stand til å nytta seg av dette tilbodet.
- Prioriterte bustadtypar og nye buformer handlar om kva vi treng av tilrettelagte bustader dei neste åra basert på slik vi kjenner behovet i dag. Det handlar også om kva vi som kommune kan gjera for å legga til rette for varierte bustadtypar og nye buformer.
Planen kan du lesa her:
Sist endra 20.10.2023 10.34