Utkast til strategiar og prinsipp

Ut i frå eit samla kunnskapsbilete av både verdiar og utvikling har administrasjonen utarbeidd utkast til strategiar og prinsipp

Desse strategiane og prinsippa viser kva verdiar vi skal bevara og korleis Øygarden skal utviklast for framtida, og vil vera førande for arealbruk i ny arealdel til kommuneplanen 2027-2039. 

Strategiane og prinsippa tek også utgangspunkt i innspela som er komen inn i medverknadsarbeidet for heile kommunen. Tilbakemeldingar frå politikarane undervegs i arbeidet, har vore viktig for å tilpassa utkastet til dei politiske ambisjonane. 

Utkast til strategiar om verdiar og utvikling skal på høyring saman med planprogrammet hausten 2025. I planprogrammet skal vi også skildra resten av planprosessen fram til vedtak i 2027. I høyringsperioden vil innbyggarane og statlege/regionale mynder kunna seia kva dei meiner om utkast til strategiar og prosessen for planarbeidet.