Desse strategiane viser kva verdiar vi skal bevara og korleis Øygarden skal utviklast for framtida, og vil vera førande for arealbruk i ny arealdel til kommuneplanen 2027-2039.
Strategiane tek også utgangspunkt i innspela som er komen inn i medverknadsarbeidet for heile kommunen. Tilbakemeldingar frå politikarane undervegs i arbeidet, har vore viktig for å tilpassa utkastet til dei politiske ambisjonane.
Utkast til strategiar om verdiar og utvikling skal på høyring saman med planprogrammet hausten 2025. I planprogrammet skal vi også skildra resten av planprosessen fram til vedtak i 2027. I høyringsperioden vil innbyggarane og statlege/regionale mynder kunna seia kva dei meiner om utkast til strategiar og prosessen for planarbeidet.
Sist endra 17.09.2025 13.52